– Det var tre poeng som betydde noko i denne kampen, og det fekk vi. Det smakte utruleg godt, seier spelande trenar Terje Haugen Øye.

Sæbø tok kommandoen frå start på kunstgrasbana i Hellesylt. Haugen Øye, saman med Yngve Frøland, har også i år trenaransvaret i klubben, og førstnemnde sendte Sæbø i føringa etter hjørnespark minuttet inn i kampen. Etter tre minutt slo Bjørnar Holen eit godt innlegg som Martin Sandbakk klinka i mål. Vertane kom meir med i kampen utover omgangen. Alf Ole Sundgot reduserte midtvegs i omgangen, og laga gjekk til pause med 2-1-leiing til Sæbø.

Halve 2. omgang skulle gå før det igjen vart nettkjenning. Tarald Harstad fekk godt treff på ein volley frå 16 meter, og 3–1. Nokre minutt seinare vart kampen punktert då Bjørnar Holen sette i 4–1.

– Vi var klar over dette kom til å verte ein tøff kamp, og det vart veldig tøft. Det at vi fekk ein god start på kampen vart matchavgjerande. Etter opninga klarte vi ikkje å vere kontante nok i forsvarsspelet, og Sunnylven skapte farlegheiter og skåra. I 2. omgang klarte vi å heve oss litt, men kampen låg framleis å bikka. Dei hadde ein stor sjanse på 2-1, men då vi fekk det tredje og fjerde målet gjekk lufta ut av dei, seier Haugen Øye.

Den spelande trenaren meiner at resultatet lyg litt, og at sigeren ikkje var så komfortabel.

– Hadde vi hatt mindre marginar på vår side kunne kampen bikka feil veg. Det kjem til å verte mange jamne kampar i 5. divisjon i år, og for vår del handlar det om å bikke desse i vår favør.

Sæbø møter Ørskog borte komande søndag.