Dette melder klubben på sine heimesider. Leira kjem frå Rival SK, og før det var han fleire sesongar i Ørsta der han også var kaptein og assistenttrenar under Henning Nygård. Midtbanespelaren vert nok ei solid forsterkning i Åmdal-troppen. Frå stallen i fjor har Åmdal mista toppskårar Simon Gjøen som er tilbake i moderklubben Vigra. For nokre veker sidan vart det klart at Robert Steinnes kjem på lån frå Ørsta. I tillegg har Kristoffer Birkeland, Øyvind Bjørkedal (Volda), Andre Dvergsdal (lån frå Ørsta), Emil Heltne (Volda), Trygve Heltne (Volda), Sigurd Nybø (Ørsta) og Lars Erik Eilertsen (Ørsta) meldt overgang til Åmdal.

Åmdal sesongopnar i 5. divisjon i kveld med lokaloppgjer mot Vartdal på Legene.