Martin Notøy Nevstad frå Ulsteinvik, som representerer Nesset CK, vann Ørstarittet søndag. Han kom inn på sterke 2.43:48, under to minutt svakare enn løyperekorden. Ørsta-guten David Dagestad Myklebust, også han frå Nesset CK, delte andreplassen med Morten Aleksander Hopen frå Lillehammer SK. Dei fullførde det 105 km lange rittet på tida 2.44:57.

Under heile rittet var det fine vêrforhold utan nedbør. På veg ut av Follestaddalen låg feltet samla, men etter ein svipptur til Sæbø rykte Martin Notøy Nevstad ifrå i bakkane opp mot Krøvelseidet. Her fekk han ei luke til nummer to som han klarte å halde heilt fram til mål.

- Artig

- Det var artig å sykle i dag. Det er spesielt å liggje i brot i ei slik løype når det er så fint vêr. Det vert til at ein ser litt på fjella òg, seier ungguten frå Ulsteinvik.

Han ville gjerne ha hatt med seg fleire mosjonistar heilt framme.

- Men tempoet vart for lågt i motbakkane, så då valde eg å rykke i frå, seier Nevstad, som nyttar rittet som oppkøyring til eit etapperitt i Sverige.

Tre timar

Sterkaste tida i kvinneklassen hadde Britt Brekke Pedersen frå Ulsteinvik og omegn sykkelklubb med 3.05:13. Hakk i hæl kom Janne Brun-Henriksen frå Stryn sykkel med tida 3.05:16.