Thorbjørn Thorsen Ludvigsen vann herreklassa medan May Britt Buer vann dameklassa i Saudehornet rett opp laurdag. Sjur Haug frå Ørsta IL vart truleg den fyrste fotballspelaren som sprang Saudehornet rett opp under timen.

Nokre vil kanskje kalle det ufyselege forhold, det som venta løparane laurdag føremiddag. Det var småregn i lufta, ei grautskodde utan like, og mykje vind oppe i høgda. Likevel stilte i underkant av 110 løparar til start i konkurranseklassa, og kvaliteten på løparane var sært høg.

Ludvigsen vann på tida 52.02, og i mota opp mot toppen sprang han forbi Johan Bugge frå Eidsvåg IL, som leia ved siste mellomtid.

Mellom Ludvigsen, Bugge og Eirik Dagssønn Haugsnes frå Gaular IL skilde det få sekund.

Sjur Haug

I herreklassa hadde fotballspelarane Terje Rebbestad og Sjur Haug på førehand ymta frampå at dei hadde som mål å kome under timen. Ørsta-spelaren Haug heldt kva han lova. Junioren imponerte stort i løypa, og sprang inn på 58,43 sekund, og ein tiandeplass totalt. Med det vann han også juniorklassa.

Buer suveren

I dameklassa var May Britt Buer frå Gular ganske suveren. Ho leia omtrent frå start til mål, og kom inn på tida 1.00.07. Etter forholda er det også ei sterk tid.

Det var vanskelege forhold i løypa. Det var glatt og altså mykje vind mot toppen.

Resultata kan du sjå på arrangørane si heimeside.

May Britt Buer gjekk tidleg i tet i dameklassa. Foto: Hjørdis Almelid Vikenes