Jonas Kvalen starta si volleyballkarriere i KFUM Volda under trenar Jarle Bae, før han 16 år gammal flytta til Sand i Rogaland, der han gjekk tre år på ToppVolley Norge. Dei to siste åra har han spelt for Førde VBK i Eliteserien, og onsdag gjekk draumen om proffspel i utlandet i oppfylling då han signerte for det polske laget Indykpol AZS Olsztyn i ein alder av 20 år. I Polen er volleyball ein like stor sport som fotball, og det vert eit steg i rett retning for den talentfulle oppleggjaren.

– Det er ganske stor forskjell på nivået i Noreg og Polen. Noreg er på 105. plass på den internasjonale rankinga, medan Polen er topp fem. Så nivået er veldig mykje betre i Polen. Det vert også lagt ned mykje arbeid før kvar kamp, og det er eit stort arrangement rundt. Det vert nesten som cupfinalen i Noreg, berre større. For utviklinga mi vidare er dette eit stort steg i riktig retning. For ein fotballspelar kan ein nesten samanlikne det å spele volleyball i Polen som å spele fotball i Premier League, seier Kvalen.

Einaste utanfor Skandinavia

Innanfor volleyball er det ikkje mange som har teke steget utanfor Noreg sine grenser.

– Det er ein del jenter som reiser til USA og spelar volleyball på college, og det er også ei jente som er proff i Tyskland. På herresida er det to som spelar i Danmark, og så vert det meg i Polen. Så eg er den einaste på herresida som spelar utanfor Skandinavia, seier Kvalen.

Dei beste klubblaga

I Noreg har Kvalen totalt åtte NM-gull, fem i volleyball og tre i sandvolleyball. I tillegg har han 16 seniorlandskampar og 16 juniorlandskampar. Når han no tek steget ut i profflivet så ynskjer han også å vere der ei stund.

– Eg er framleis veldig ung, og eg vil ikkje gje meg med det første. Eg ynskjer å utvikle meg vidare, og verte betre på alt. Eg er ikkje best enno, men eg vil jobbe veldig hardt for å verte veldig god. No vil eg få sjansen til å spele mot dei beste klubblaga i verda, og eg får også prøvd meg i Champions League. OL-draumen er det berre å gje opp med Noreg innandørs, og det vil ta tiår før ein vil kunne kvalifisere seg. Derfor må ein som norsk volleyballspelar satse med eit klubblag, seier Kvalen.

Satsar mot semifinale i U23- EM

Kvalen, saman med makkeren Svein Solhaug, er no på veg til Nederland for å spele U23-EM i sandvolleyball. I fjor vart det ein fjerdeplass i U20-EM for duoen, og dei satsar på å nå langt sjølv om motstandarane er eldre.

– Vi håpar på ein semifinaleplass, og det skal vi prøve å nå. Eg veit ikkje så mykje om nivået i turneringa, men vi har trent hardt og vore med i internasjonale turneringar på førehand. Så vi har førebudd oss godt. Så det å ende topp fem eller nå ei semifinale er eit mål, seier Kvalen.

Etter EM vert det ein liten tur heim igjen til Volda før Kvalen startar proffeventyret i Polen den 29. juli.