– Eg er veldig nøgd med resultata så langt i år. Det kjennest endeleg ut som at kroppen fungerer slik han skal, og det er godt etter å ha hatt ein tung sesong i fjor, og starten på friidrettssesongen i år. Dei to fyrste løpa eg sprang var lokale, og det var ikkje så mange løparar med. Men dei var likevel ein god peikepinn på at forma var på veg. Det tredje løpet var ved universitetet Notre Dame, og det var det kring 225 løparar som var med. Tilhøva der var vanskelege, mykje vind og gjørmete, så det var tungt å ligge I tet. Det siste løpet eg sprang var Chile Pepper. Det er alltid eit kjekt løp, og I år var det med nesten 300 deltakarar. Det er noko anna å springe terrengløp i USA, med så mange utøvarar er der alltid nokon rundt deg som kan presse deg, seier Fjørtoft.

– I mitt livs form

Prestasjonane til Fjørtoft har imponert terrengløpstrenar Cathy Casey, som har uttalt at ho er ein av dei fremste terrengløparane i landet. Ho har også vorte kåra til «Co-Female Cross Country Athlete of the Week» av Conference USA tre gonger, og trenar Magne Vullum meiner at Fjørtoft er i sitt livs form.

– Du kan nok seie at eg er i mitt livs form. Etter at eg fekk opp jarnlageret i sommar har treningane gått mykje lettare, og eg har fått trent meg opp til å tole meir mengdetrening og høgare intensitet. Det er kjekt og motiverande når ein ser at alt arbeidet ein legg ned gir resultat, seier Fjørtoft.

Håpar på klaff i Nationals

Saman med Kristine Eikrem Engeset studerer Fjørtoft på Southern Methodist University i Dallas, Texas. Eikrem Engeset har også levert gode prestasjonar, og har to tredjeplassar og ein 14. plass å vise til i terrengløp denne hausten. I USA konkurrerer ein både som individuelle løparar og som lag, og no håper Fjørtoft å avslutte terrengsesongen bra.

– No har vi Conference på måndag og deretter er det Regionals, og dersom vi kvalifiserer oss blir det Nationals. Så langt vil eg seie at det har vore ein god sesong, og det kjennest bra i og med at det er mitt siste år på SMU. Hovudmålsetjinga er å gjere det bra på Nationals. Der har det enno ikkje klaffa for min del, så eg håper på å snu trenden, seier Fjørtoft.

Høgdeopphald i Kenya

Det er no siste semester for Fjørtoft i USA, og til jul flyttar ho heim igjen til Noreg.

– Etter Nationals vert det nok ein pause før eg byrjar på att med treninga igjen. Den 17. desember vert det «graduation» frå SMU, og så reiser eg tilbake til Noreg for godt. I januar skal eg på høgdetrening med klubben min Vidar i Kenya, og det gler eg meg veldig til. Det vert spennande å sjå om høgdetrening er noko for meg, seier Fjørtoft.

– Eit godt avbrekk

Sjølv om ho har levert gode resultat i terrengløypa denne hausten, føler ho seg mest heime på friidrettsbana.

– Eg likar meg best på bane. Men det er noko spesielt med å springe terreng her I USA. Kjensla av å springe på og for eit lag er eit godt avbrekk frå den individuelt prega idretten som friidrett er, avsluttar Fjørtoft.