– Vi har aldri hatt større aktivitet i idrettslaget enn no. Dette er takka vere mange eldsjeler som legg ned ein fantastisk jobb både som trenarar og anna, fortel Sindre Skurtveit, leiar av den aldersbestemte fotballen i HIL.

I samband med jubileet inviterte idrettslaget laurdag små og store til familiedag der det vart arrangert rulleskirenn, eit sprintrenn i ei løype på 500 ved Tussa sin administrasjon. Aktivitetsdagen inneheldt også fotballkampar, Jiu jitsu-oppvisningar og ei rekkje barneleikar på grasbana. Og iveren mellom dei mange små og store som deltok var stor, der det var sett opp partytelt og hoppeslott, og der det vart grilla til den store gullmedalje i det flotte seinsommarveret. Dei sprekaste starta dagen med å vere med på tur til Dalsmogarden.

Prikken over i-en var då klubben sitt jentelag, 14-åringar, vart hylla for sigeren i Norway Cup. Dette er eit lag med spelarar både frå Hovdebygda og Mork. Det er første gongen Hovdebygda/Mork tek medalje i Norway Cup.

Hovdebygda/Mork spelte uavgjort mot Sunndal, 0-0, og kom på delt førsteplass i B-sluttspelet. Ein stor prestasjon som det var grunn til å markere under aktivitetsdagen. Sindre Skurtveit trekte også fram hovudtrenar Rune Johnsen som har trena laget i mange år. Hjelpetrenar Paul Rune Ingebrigtsen har også lagt ned ein solid innsats for laget.

– Dei fleste spelarane har spelt saman sidan dei gjekk i første klasse, og no er det åttande sesongen dei spelar saman, fortel Johnsen.

Leiar

Caroline Rudi er leiar i Hovdebygda Idrottslag. Det er ikkje så lenge sidan ho tok over. Ho vart overraska over aktivitetsnivået.

– Engasjementet kring klubben er større enn eg hadde trudd før eg vart leiar, fortel Rudi om klubben som har kring 400 medlemmer.

Rudi gjer det klart at klubben arbeider vidare for å rekruttere barn og unge til dei ulike idrettane i laget.

– Vi ønskjer å utvikle klubben endå meir, og få vekst gjennom å inkludere endå fleire i dei positive aktivitetane i laget. Det er kjekt å oppleve den store idrettsgleda som rår i bygda, seier Caroline Rudi.