– Vi er så heldig å få lov til representere Sunnmøre i Noreg sin beste liga. I vår region har vi fjell, fjordar og bygder som er så vakre og spektakulære at ei heil verd har valfarta hit i over 100 år. No ynskjer oss å besøke vårt eige vesle paradis, fortel Øyvind Vebenstad som er arrangementssjef i Aalesunds Fotballklubb.

I morgon, søndag 16. august besøker AaFK med familie Sæbø IL og Sagafjord Hotel som er vertskap for klubben denne dagen.

– Vi reiser med båt frå Ålesund klokka 1000, nyt Hjørundfjorden, før oss fortøyar klokka 11.30 ved marinaen ved Sagafjord, fortel Vegenstad.AaFK har opa trening på Sæbø stadion frå kl. 1200.

Autografar

– Det vil seie at oss inviterer alle som vil til å sjå Trond Fredriksen leie vår trening med Orry, Hoseth, Riise, Bjørdal, Leke med fleire. Vi tek med AaFK-ballongar, ansiktsmåling, autografkort og stiller meir enn gjerne opp på «selfies» og fotografering. Etter trening så kan du få vere med å sparke litt ball med oss. Vi sjåast på Sæbø Stadion søndag! Seier ein oppglødd Vebenstad.