Det er TV2 som melder at Lars Arne Nilsen er høgaktuell som ny trenar for Brann, etter at Rikard Norling ikkje fekk halde fram i jobben.

Nilsen er busett i Volda, og trente Hødd fram til 2013. Då hadde han mellom anna leia laget til cupgull. Han kjem opphavleg frå Sotra.

- Dersom Brann kontaktar meg nokon gong, slepp eg det eg har i hendene og stiller på dagen, sa han til Bergens Tidende tidlegare i år.

Møre-Nytt har forsøkt å kontakte Nilsen torsdag kveld, utan hell. Heller ikkje TV2 har fått trenaren i tale.

Ifølgje TV2 har Nilsen vore tema på styremøta i Brann dei siste dagane, og han skal ha ei høg stjerne hos fungerande sportssjef Rune Soltvedt i Brann.

Soltvedt seier til TV2 at han ikkje vil kommentere kva kandidatar som aktuelle, men at dei er i dialog med ein trenar som skal vere klubbens førsteval. Han håper å ha ein trenar på plass før måndag.