Aldri har det vore så mange deltakarar iSparebank1-leikane på Ørsta stadion som andre pinsedag. Det var 235utøvarar som stilte med startnummer, og det var over 700 startartotalt i løp, hopp og kast.

- Det artige er at Ørsta IL stillermed ei rekordstor tropp. Vi har med kring hundre utøvarar, og dethar ikkje skjedd tidlegare, seier Olve Øyehaug i friidrettsgruppa iØrsta IL.

Det er spesielt i dei aller yngste klasse det er mangesom driv med friidrett.

- I klassene 10 til 12 år har vi veldigmange med. Utfordringa er sjølvsagt at vi tek oss av desse på einmåte som gjer at dei vil halde fram. I klassene 13-14 år har viframleis mange med, men vi merkar at det er færre med der, seierØyehaug.

Stemnet på Ørsta stadion andre pinsedag er sesongensfyrste store høgdepunkt for mange. Måndag kom det deltakarar fråNordfjord i sør til Sunndal i nord.

For nokre er det sesongensfyrste stemne, og resultata vil vise om det har vore framgang sidanfjoråret. Men fyrst og fremst er Sparebank1-leikane eimassemønstring av dei sjelnde.

Friidrettsgruppa i Ørsta IL stodfram som røynde arrangørar, og hadde kontroll på tidskjemaet.