Sjølv om Ørsta/Volda viste fram mykje god handball også i den andre kampen i kvalifiseringa til 2.-divisjon, heldt det ikkje heilt inn mot Steinkjer, som har spelt i 2.-divisjon denne sesongen. Kampen enda 29-26 til trønderane.

- Vi gjennomfører ein god handballag, men møter god motstand. Det er heilt tydeleg at dette er eit lag som er vande med å spele på eit høgare nivå. Vi gjer nokre små feil i forsvar, og det utnyttar dei til det fulle, sa Ørsta/Volda-trenar Lars Øie til Møre-Nytt etter kampen.

Ørsta/Volda spelte jamngodt med Steinkjer gjennom store delar av kampen, og laga gjekk til pause på stillinga 15-14. Utover i 2.-omgang fekk likevel gjestane nokre mål i overtak. Trass i fleire gode angrep og gode målvaktsredningar, heldt det altså ikkje heilt inn for Ørsta/Volda i den nesten fullsette Volda-hallen.

Etter to av tre spelte kampar i kvalifiseringa, står Ørsta/Volda med ein siger og eitt tap. Det heile blir avgjort i lokaloppgjeret mot Ålesund søndag. Med siger der, er Ørsta/Volda klare for 2.-divisjon neste år. Ålesund tapte også mot Steinkjer tidlegare laurdag, og spelar mot Stjørdals Blink laurdag kveld.

- Det blir veldig spennande. Vi satsar på endå meir folk, og gjerne publikum frå Ålesund også. Vi skal iallfall vere budde til kampen, seier Øie.

Kampfakta:

Voldahallen, 2. mai 2015, kvalifisering til 2. divisjon.Steinkjer - Ørsta/Volda, 29-26 (15-14)Ørsta/Volda: Bjørn Vik Henriksen, Håvard Skaar, Andreas Vik, Bendik Bjerke, Stian Aasen, Anders Vatsaas, Leif-Erik Brenne, Vidar Eidså, Emil T. Bjørdal, Brage Snarud, Tom Slenes, Per Ingebrigtsen, Jonas Sira.Mål, Ørsta: Brage Snarud (1), Stian Aasen (2), Tom Slenes (5), Anders Vatsaas (2),  Bendik Bjerke (8), Emil T. Bjørdal (1), Leif-Erik Brenne (6).Utvisningar, Ørsta: Vidar Eidså (2), Tom Slenes, Anders Vatsaas, Emil T. Bjørdal.

Kampar

LAURDAG

Klokka 12: Ørsta/Volda - Stjørdals-Blink (slutt, 36-26)

Klokka 14: Ålesund - Steinkjer (slutt, 26-32)

Klokka 17: Steinkjer - Ørsta/Volda (slutt, 29-26)

Klokka 19: Stjørdals-Blink Ålesund

SØNDAG

Klokka 11: Stjørdals-Blink - Steinkjer

Klokka 13: Ålesund - Ørsta/Volda

Ingenting å seie på innsatsen til Stian Aasen, både i forsvar og angrep. Han noterte to ballar i nettet mot Steinkjer.