Det som er kjekt med Voldameisterskapet i skiskyting er at alle må delta, både dei aktive rekruttane, søsken og foreldre. Vi starta arrangementet med to fellesstartar for dei aktive rekruttane. Dei som skyt med støtte i klassane 12 år og yngre var først ute med jenter og gutar i same feltet, i lag med søskenklassa.

I søskenklassa hadde vi med fire debutantar som kanskje vert med som aktive etter kvart. Daniel Vatsaas (8 treff), Tuva Hauge (7 treff), Olve Dalebø Mork (8 treff) og Sigurd Meek Aaslid (9 treff) greidde seg alle godt etter eit lynkurs i skyting før start. Johanne Hoggen Totland og Signe Meek Aaslid hadde begge 6 treff i 10 års klassa medan Erlend Garen Børnes og Vetle Dalebø Mork også kosa seg i guteklassa. I 12 årsklassa trefte Brede Driveklepp og Halvard Engeset Woldsund begge 5 og dei vart vel begge to grusa av Turi Lise Totland som skaut 9 treff i 5. rennet på rad.

I fellestart nummer 2 var det 14–17 åringar på start. Her var det kvassare albogar i feltet og hard konkurranse. I gutar 14 fekk Jens Sune Hauge endeleg klaff på skytinga og kom først til mål framfor Torjus Engeset Woldsund og Emil Kilvik Helset. Sigrid Vartdal hengde godt med gutane i 14 årsklassa. Gutar 15 gjekk litt kortare enn menn 17 slik at der kunne verte litt fight om plassane, og det vart det då Lars Erik Telseth i tillegg bomma litt meir enn vanleg, så var det Jonas Vatsaas som kom først i mål.

I mødreklassa hadde vi 6 spreke damer på start som skulle ta det med ro og kose seg i løypa, det gløymde dei når startskotet gjekk og dei spisse olbogane kom fram. Ekstra kjekt for ungane å hei fram foreldra og endåtil få hjelpe dei med skytinga. Marita Dalebø Mork var i ein klasse for seg i denne klassa og dei andre mødrene må nok tjuvtrene litt for å halde følgje neste år.

Fedrane var delt inn i 2 klasser etter eigen ynskje. Eine klassa gjekk kort løype og fekk skyte med støtte, medan den andre klassa var dei som trudde sjølv dei var litt betre enn andre og kunne delta med same vanskegrad som i Worldcup. Første kategorien greidde seg godt og stort sett utan strafferundar. Worldcup gjengen derimot hadde nok teke seg vatn over hovudet og alle fekk rikeleg med strafferundar. Ole Andreas Hauge er i god form, og kapra fyrsteplassen til trass for 10 bom, og med det vann han retten til å vera hovudtrenar i 1 år.

På Voldameisterskapet er det kos og sosialt samvær som er i fokus og vi tevla, skaut, grilla og kosa oss i det nesten fine været på Reset palmelaurdag. På premieutdelinga vart alle deltakarar utropt som vinnarar og fekk gullmedalje på brystet.

Tekst: Rune Totland