– Eg følte det gjekk litt tungt på klassiskdelen. Men det losna skikkeleg etter at vi hadde bytta ski. Eg kvikna til og vart inspirert av at eg plukka løparar heile vegen. For min del kunne rennet godt ha vore litt lengre. For eg var pigg mot slutten og tok ganske mykje innpå fleire av dei som låg føre meg i sporet, sa Ingvild som har ein god grunnkapasitet. Det gjer at ho er betre rusta enn mange av 1995-modellane til å ta steget opp i seniorklassen til hausten.

Øye er veldig motivert for vidare satsing sjølv om det ikkje har vorte den sesongen ho så for seg i fjor haust. Sjukdomsavbrekket som førte til at ho mista mange treningstimar får ta sin del av skylda. Berre glimtvis har Hovdebygda-løparen klart å ta ut potensialet. Hun hadde i forkant forventningar til norgescupavslutningen i nord. Men merket tidleg i løpet at det ikkje flaut så bra som ønskeleg. Moralen var det lite å utsette på.

Henta mange

Øye prøvde å gå så fort og smart som mogleg utan å verte stiv. Ho er best til å skøyte og visste det var mogleg å avansere ein god del plassar dersom kroppen kjendest fin etter klassiskdelen. Det gjorde den for 19-åringen som hadde ein av dei aller beste tidene på fristildelen. Ei topp ti-plassering hadde helt klart vore innan rekkevidd dersom det hadde vore nokre meter til å gå. Ingvild har ikkje tenkt så mykje på det som ventar når ho tar steget opp i seniorklassen.

– Fokuset mitt så langt har vore å få mest mogleg ut av denne sesongen. Eg var klar over at prestasjonspila kom til å svinge ein god del då eg mista over 100 timer med trening i oppkøyringa. Det lengste distanserennet i junior-NM kor det vart niandeplass er kanskje det beste rennet eg har gått i vinter. Men det fungerte også bra i Uglarennet i Trondheim og Storlirennet. Neste år håper eg å kjempe om ein plass i U 23-VM-troppen, sa Ingvild

Ho skal bruke påska til å gå lange skiturer, toppturar på telemarksski og gjere ting det ikkje vert så god tid til elles i året. Ho viser til at april er den einaste månaden i året kor det er mogleg å «leve» som andre ungdommar utan å ta omsyn til ein og to daglege treningsøkter. I den perioden er det mogleg å få gjort andre ting for langrennsløperne utan å ta omsyn til treningsprogrammet.

Tekst: Svein Halvor Moe