Ørsta/Volda vann toppkampen mot Molde/Elnesvågen 36–30 i Ørstahallen søndag.

– Det var jamt det første kvarteret, men då byrja vi å drage ifrå. Derifrå og ut styrte vi kampen, men som mot Langevåg kom det ein dett litt over halvvegs ut i 2. omgang. Vi prøvde å unngå dette med å halde eit stabilt lag på bana, og sjølv om vi hadde 2–3 utvisingar heldt vi avstanden. Så kom det ein dett, og det fungerer ikkje heilt før det rettar seg opp att. Håvard Skaar stod i mål i 2. omgang, og heldt oss inne i kampen då det såg litt skummelt ut, seier trenar Lars Øie.

– Ikkje opp mot vårt beste

Sjølv om det enda med seksmålssiger har Ørsta/Volda mykje meir inn ifølgje Øie.

– Eigentleg så spelte vi ikkje opp mot vårt beste, men vi lukkast med dei tinga vi skal. Det er mykje å gå på når det gjeld utteljing og forsvar, og vi slepp inn 30 mål. Vi hadde god kontroll, og eg følte at vi hadde mindre kontroll mot Langevåg der vi missa leiinga.

Ørsta/Volda gjekk til pause med 19-12-leiing etter ein god 1. omgang. Leiinga hadde auka til ti mål ti minutt ut i 2. omgang, men Molde/Elnesvågen knappa inn leiinga til tre mål før vertane avgjorde kampen. Bendik Bjerke og Leif-Erik Brenne vart toppskårar for Ørsta/Volda med ni mål kvar. Med ein kamp mindre spelt enn Molde/Elnesvågen ligg Ørsta/Volda på 2. plass i 3. divisjon, men ifølgje Øie ligg fokuset berre på kvaliken til 2. divisjon.

Jobba intensivt inn mot kampen

Ørsta/Volda har dei siste vekene jobba med å førebu seg til kampen mot Molde/Elnesvågen og lukkast taktisk.

– Det var veldig kjekt med siger, og dei siste tre vekene har vi jobba intensivt med å førebu oss på å ta Molde. Vi måtte avslutte angrepa våre, vere tolmodige og springe heim att. Vi fekk stoppa kontringane, og vi klarte å spele ball mot eit offensivt forsvar. Det var noko vi ikkje klarte i bortekampen.

Trenaren er godt nøgd med utvikla til laget.

– No byrjar maskineriet å virke. Dei som står i posisjonane fungerer, og det er ikkje så nøye kven som står der. Vi har ein plan for spelet vårt, og det er den store styrken. Det er og litt viktig sidan vi kanskje misser Leif-Erik Brenne neste år.

Komande helg er det dobbeltkamp i Ørstahallen for Ørsta/Volda. Laurdag er Tiller 2 motstandar og søndag kjem Sverresborg på besøk. Ørsta/Volda avsluttar seriespelet i 3. divisjon med bortekamp mot Langevåg 21. mars.