Voldahallen var heilt full då Volda tok imot Byåsen Breidde til toppkamp i 2. divisjon laurdag kveld. Med ein kamp meir spelt låg Byåsen eitt poeng bak Volda, men heimelaget som ikkje har tapt denne sesongen var favorittar. Line S. Hagen skåra Volda sitt første mål, og vertane var i føringa 3-0 etter seks minutt. Byåsen hang med, men begge lag var slurvete i ein periode før Volda festa grepet. Runa Vik stoppa det Byåsen produserte, og framover på bana ordna Malene Aambakk to skåringar og 9-4-leiing. På stillinga 11-6 tok Byåsen time-out og kom litt hektene igjen etter denne. Laga gjekk til pause på stilling 13-9 til vertane.

I 2. omgang var det berre eitt lag på bana. Volda dominerte stort. Både angreps- forsvarsspel fungerte godt, og Melita Jug stod godt i mål. Tidleg i omgangen hadde forspranget auka frå fire til åtte mål. Då Aambakk sette inn 19-9 var kampen punktert. Det skulle ta nesten ti minutt før Byåsen fekk utteljing på eit straffekast i 2. omgang. Volda-spelarane leika på heimebane, og Linn Johanne Berg sette inn 26-12-leiing. Til trampeklapp frå publikum kunne heimelaget sleppe jubelen laus med ein fullt fortent 33-18-siger.

Volda-trenar Igor Terzic var godt nøgd etter kampen.

- Vi var godt førebudd, men vi visste ikkje kva slags lag dei ville stille med. Byåsen hadde ikkje med seg eit par spelarar frå elite, men dei stilte med eit godt lag som har plukka mange poeng i 2. divisjon. Vi var konsentrete heile kampen, og hadde stort sett kontroll. I første omgang var det litt slurv, men slik er det med oss. Vi var tolmodige i angrep, og 2. omgang er det vi som køyrer. Det var ein bra gjennomført kamp, seier Terzic.

Volda ligg no tre poeng føre Byåsen Breidde, med ein kamp mindre spelt. Komande helg venter ny kamp mot Byåsen på bortebane, i tillegg til Charlottenlund borte. Med sigrar her vil Volda ta eit langt steg mot kvalifisering til 1. divisjon.

- No kjem vi litt rolegare inn i neste helg, og dette var ein  utruleg viktig siger. Vinn vi begge kampane komande helg så kan vi byrje å tenkje på kvalifisering, men vi er ikkje der heilt enno.