Dagmund Evebø vart torsdag kveld presentert som ny hovudtrenar for Volda sitt herrelag i 3. divisjon på eit spelarmøte. Den rutinerte trenaren får ifølgje klubben med seg Are Bjørgum som hjelpetrenar.

Gjennom dei siste sesongane har Evebø vore hovudtrenar for Stryn i 3. divisjon, og i fjor enda laget på ein 2. plass i si avdeling. Evebø har tidlegare vore trenar for Volda og Ørsta, og vore i systemet til AaFK.