Dei fem symjarane som deltok kvalifiserte seg til 11 finalar og tok 10 førsteplassar i sine klasser. Tidene som vert oppnådd gjer at klubben pr i dag har UM/NM-deltaking i 6 øvingar, fordelt på to symjarar.

Christian Tang Christiansen er ny i klubben, som trenar og som symjar. Denne kristiansundaren har flytta til bygda som student på HVO, har bakgrunn frå toppidrettsgymnaset på Kolbotn og er tidlegare medaljetakar i NM. Denne toppidrettskompetansen har blitt ein flott ressurs for VTI-symjing, og allereie no ser ein resultat av ei meir målmedviten satsing på å nå eit nasjonalt nivå hos fleire symjarar. Som symjar er Christian først og fremst ein sprintar, der ryggsymjing er spesialiteten. Ikkje rart då at han forbetrar klubbrekordane på 50 (27,90) og 100 (1.00,22) rygg. I tillegg tok han klubbrekorden på 50 fri (25,03) og 50 butterfly (27,90). Med desse tidene er han kvalifisert på 50 og 100 rygg til Sr. NM i april neste år. Sjølv seier Christian at tidene var som forventa, som rekonvalesent etter å ha tatt i litt for mykje på nokre spydkast. Han lovar å forbetre sine fire nye klubbrekordar, og ta fleire i løpet av sesongen.

Dei tre andre klubbrekordane var det Sander Hallaråker som sette, hans tre første. Det starta på fredag då han sumde 100 medley (IM) på 1.05,82, og slo dermed Nils Meier sin tre år gamle rekord med ein tidel. På den lange medleydistansen, 400 m, vart klubbrekorden knust med 9 sek, til 5.06,16. Dermed gjekk han under kravet til årets Ungdomsmeisterskap, som vert arrangert saman med Jr.-NM i Bærum 20.–23. november. Marginen var 0,34 sek. Var dette eit maxløp, kan ein seie det same om siste øving søndagen: 200 bryst. Den nye klubbrekorden lyder på 2.30,67, 3 sek. betre enn den gamle, pers rek med 5,5 sek og godt under kravet til jr.-NM. Sander sette også personleg rekord på 100 fri (59,98), 50 bryst (32,36 og klar for UM), 100 bryst (1.11,04 og klar for UM) og 200 IM (2.21,83). Generalpremieren for Sander før UM/jr.-NM vert Nordsjøstemnet 7.–9. nov. i Stavanger. Det er eit stort, internasjonalt stemne med harde kvalifiseringskrav for å kome med. Det er også siste sjanse for å klare kval. krav til UM/jr.-NM, og vi er optimistar på at Sander kan klare fleire krav. Det gjeld både 100 og 200 medley, der han høvesvis er 1,6 og 2,0 sek bak.

VTI-symjing vil gjerne reise med ein større tropp til Nordsjøstemnet, og på 200 bryst er Jenny Karin Mikalsen berre eitt sek bak kravet. I Bergen sumde ho eit veldisponert og rytmisk godt gjennomført løp på 2.57,04, og kom på 7. plass i finalen. Men ho har meir å hente, spesielt i vendingsmomenta, og då er kvalifiseringstida innan rekkjevidd. Draumen er å forbetre seg så mykje at ho klarer UM-kravet på 2.50,51 – og det er ikkje umogeleg. Jenny Karin viste også form på 50 butterfly. Tida 34,41 er ny pers med 1,5 sek som heldt til 6. plass i si årsklasse.

Kristine Godager har også moglegheit for å kome med til Stavanger. Ny pers på 50 butterfly gir håp om det. Med 33,72 nærmar ho seg kravet på 32,50, og når vi veit at ho har meir å gå på løpsmessig og treningsmessig, har ho moglegheiter til å klare den tida i nærmaste framtid. Ho kan gjerne få følgje av Ingrid Godager, som nærmar seg kravet på 50 rygg, men då må ho forbetre persen sin med eitt sek til 36,0. Ingrid deltok elles i åtte øvingar, og forbetra seg på fem av dei. Kjekkast var det å kvalifisere seg til finalen på 200 rygg, med ny pers 2.55,62. I finalen sumde ho enno fortare, og fekk 10. plass med 2.54,78.

Nye klubbrekordar

50 fri               Christian Tang Christiansen   25,03   (25,20  Håvard Haugen 1994)

50 rygg           Christian Tang Christiansen   27,90   (30,69 Erik Madssen 1998)

50 butterfly     Christian Tang Christiansen   27,05   (28,02  Jan Tore Jessen 2013)

100 rygg         Christian Tang Christiansen 1.00,22  (1.05,20 Håvard Haugen 1992)

100 IM            Sander Hallaråker       1.05,82     (1.05,92  Nils Meier 2011)

400 IM            Sander Hallaråker       5.06,14     (5.15,71  Erik Madssen 1998)

200 Bryst        Sander Hallaråker       2.30,67     (2.33,34  Nils Meier 2011)

Sander Hallaråker i gong på 100 fri. Foto: privat