Det var vill jubel etter kampslutt på Remen på Vartdal etter kampslutt laurdag. Vartdal slo Ravn 8-0 i den siste kampen for sesongen, og opprykket til 4. divisjon er eit faktum.

Spelarane samla seg og tok bølgen for publikum, som svarte med ståande applaus.

Og aller bakarst sat Annlaug og Peter Vartdal. Sjefssupportarane til Vartdal hadde teke med seg norske flagg, og jubla for opprykket.

- Det er flott, sa Peter til Møre-Nytt.

Det vart aldri spenning om Vartdal skulle klare opprykket. Før kampen var oppskrifta grei: Medf siger ville opprykket vere klart.

Og då det stod 3-0 til Vartdal etter tjue minutt, var spenninga ute av kampen. Petter Ove Sætre og Rolf Audun Vartdal (2) ordna den solide leiinga.

Etter 28 minutt vart det 4-0 ved Erling Vole, og det var også pauseresultatet.

Vartdal gjekk tidleg opp til 5-0 ved Rolf Audun Vartdal i andre omgang, og Vole skåra 6-0 etter tretten minutt.

Velstand

Etter dette dovna kampen, men mot slutten auka Vartdal tempoet, og produserte eit hav med sjansar. Til slutt ordna Fredrik Roth 7-0 eitt minutt før slutt, og målvakt Håvard Overå Sætre laga 8-0 på straffespark i kampens siste sekund.

- Dette er berre velstand. Før kampen var vi kanskje litt nervøse, men visste at karane var klare for oppgåva. Vi såg på oppvarminga at karane var på gong.

- Det har vore ein kjempesesong etter ein treg start. Vi hadde fire tap på rad. Men vi byrja etter kvart å verte samspelte, og det gav resultat. Vartdal har ei fin og samla gruppe som held saman og trenar saman. Då vert spelarane trygge på kvarandre. Vi har også vore konsekvente på det vi held på med. Vi har avslutta med femten sigrar på seksten kampar. Det er fabelaktig, seier trenar Bjarte Flåskjer.

- Og no ynskjer vi Ørsta velkomen til Remen 16. mai komande sesong, seier den andre trenaren, Einar Arne Roth.

* * *

Hovdebygda storspelte også laurdag, og slo Sunnylven/Stranda 2 10-4. Åmdal sikra seg ny kontrakt med å slå Hasundgot 6-0. Sæbø vann sin siste kamp 3-1 over MSIL, men må vente på avgjerda i tredje divisjon før laget veit om det vert spel i femte divisjon eller nedrykk. For at Sæbø skal stå i divisjonen, kan ikkje fleire enn to sunnmørslag rykkje ned frå tredje divisjon. Det kan verte tre.