- Vi har vore svært heldige, seier Kristin Indresøvde, leiar i KFUM Volda Volleyball.

I sommar flyta Vladislav Todorov og kona Maria Todorova frå Bulgaria til Volda. Dei var raske med å ta kontakt med volleyballmiljøet.

- Eg har spelt volleyball i heile mitt liv, fortel Maria.

Ho har ein bror i Volda som dei har besøkt på ferie.

- Men så likte vi oss så godt her at vi bestemte oss for å flytte. Det verkar å vere ein fin stad for barn å vekse opp, seier Maria, som saman med Vladislav har ei lita dotter.

Både Maria og Vladislav har trenarutdanning frå Bulgaria, og Vladislav har mellom anna vore assistenttrenar for det bulgarske herrelandslaget, og har også vore hovudtrenar for herrelandslaget til Saudi Arabia.

I Voldahallen laurdag hadde Maria ansvaret for å trene dei yngste spelarane, frå seksårsalderen.

KFUM Volda Volleyball jubilerer og fyller 50 år i helga. Dei skipa difor til volleybalskule for alle interesserte.

Kjekt

Iver Homberset (7) og Iven Skjåstad Åsebø (6) var to av rundt 40 ivrige deltakarar.

- Eg spelar mykje fotball og handball. Volleyball prøvde eg første gong på stranda, og eg likte det også godt. Og så er det enkelt når eg har prøvd fotball og handball frå før, seier Iver.

Anna Marie Mork (11) har fått med seg venninna Oda Brenne (11) på volleyballskulen.

- Eg spelar eigentleg fotball, men det er kjekt å prøve dette også. Det er veldig gøy, seier Oda.

Minivolleyball

KFUM Volda Volleyball har starta opp med minivolleyball for eit år sidan. Dei yngste i klubben er no rundt 9-10 år.

- Det er mange små som kom på skulen i dag, så vi håper at vi ser igjen mange av dei når vi startar ein ny sesong med minivolleyball etter haustferien, seier Kristin Indresøvde.

I utgangspunktet vil dei ha spelarar frå seksårsalderen, men grunna lite hallkapasitet er det 8-9 åringane som får vere med.

- Fotball er ein god inngangsport for å spele volleyball. Då får dei trent på ballkontrollen. Volleyball kan vere litt vanskelegare. Med volleyballskulen håper vi å vekke interessa for volleyball i ung alder, seier Indresøvde.