Ørsta IL friidrett stilte med 10 utøvarar på kretsmeisterskap (KM) i Molde 30. og 31. august. Alle desse 10 stod på pallen i ei eller fleire øvingar på KM. KM vart arrangert for 11-19 år og junior. Det var 112 påmelde fordelt på 380 startar. Det har vore noko dalande oppslutning om KM dei siste åra. Mange av dei eldste utøvarane har prioritert større stemne framfor KM. I klassane for 14 år og yngre var det god deltaking. Det er mange gode friidrettsutøvarar i Møre og Romsdal, og fleire av desse er no frå Ørsta IL friidrett.

Maria Sætre (J13) vart kretsmeister i høgde med 1,44 m og ny personleg rekord (pers). Maria har vist svært god framgang denne sesongen. Ho er no på topp 15 på landsbasis i høgde i si aldersklasse. Sportsleg leiar og trenar Elin Opsal seier at Maria har mykje meir å gå på.

Camilla Brekke Leikanger (J11) vart kretsmeister i høgde med 1,15 m. Dette er ei øving ho nesten ikkje har øvd på, så det lovar godt for framtidige resultat. Ho kom til finale på 60 m og sette pers i kule og liten ball.

Elias Hovden Nilsen (G13) sette pers i spyd med 36,00 m og vart kretsmeister. Elias er eit svært lovande spydtalent. Kasttrenar Svein-Egil Johannessen seier at med det talentet Elias har, så er det berre Elias sjølv som bestemmer kor langt han skal nå. Elias vart kretsmeister også i tresteg. Han tok sølv i høgde og bronse i diskos.

Sigrid Vartdal (J13) har ofte hevda seg godt i sprint og lengdehopp. Den siste tida har ho fokusert meir på kastøvingar, og har dei siste månadene hatt stor framgang i spyd. Ho fekk sølv og ny pers i spyd med 24,11 m.

Åse Øyehaug (J13) vart kretsmeister i både tresteg med 9,22 m og i 60 m hekk. Ho tok sølv i diskos, lengde og 200 m hekk. Ho sette pers i så godt som alle øvingane.

Guro Øyehaug (J11) vart kretsmeister i lengde med 4,00 m. Ho fekk bronse i 60 m hekk. Ho sette pers i liten ball og kule, og kom til finale på 60 m.

Anna Hjellen Haugland (J12) støytte heile 9,27 m i kule og vart kretsmeister. I liten ball var ho heilt suveren med 39,14 m og vart kretsmeister der også. Ho tok i tillegg bronse i høgde.

Andrine Hjellen Haugland (J15) tok bronse i kule med 9,07 m og bronse i spyd med 33,13 m. Andrine er eit av dei verkeleg store spydtalenta i landet i årsklassen J15. Ho var ikkje heilt nøgd med resultata på KM, men lovar å kome sterkt tilbake.

Annelin Elde Sætre (J17) likar best hopp og kast. Ho vart kretsmeister i lengde og spyd, og tok sølv i slegge.

Hannah Marie Skjeret (J18/19) vart kretsmeister på 400 m. Dette er ei noko uvant øving for Hannah som trivest best med 100 og 200 meter. Ho sprang inn til gull også på 200 m.