Vigra er klart det mestskårande laget i 5. divisjon, og stod med 60 mål på dei tolv første kampane før møtet med Vartdal måndag. I vårkampen mellom laga enda det med 4-0-siger til Vigra, og Vartdal var på jakt etter revansje. Vertane hadde ei god opning på kampen, og skapte nokre halvsjansar i den første halvdelen av 1. omgang. Etter 37 minutt var det Vigra som tok leiinga ved Svend Ivar Henriksen. Ei forsvarstabbe i 2. omgang utnytta Kenneth Kjevik og 2–0. Vigra skåra to til før Simon Gjøen fastsette sluttresultatet til 5–0.

– Vi møtte eit svært aggressivt Vigra-lag som låg djupt i bana, og vi sleit med å produsere sjansar. Vi får litt enkle mål imot, og vert avslørt på ein del enkle ting. Pasningskvaliteten vår var ikkje all verda, og det har vi slite med i heile år. Eg er ganske sikker på at Vigra har eit heilt anna trykk på treningane, og dei bytta omtrent heile laget utan at dei vart svekka. Der er det konkurranse om plassane samanlikna med oss som så vidt har lag. Der ligg det ein nøkkel, seier Vartdal-trenar Bjarte Flåskjer.

Komande laurdag er det nytt lokaloppgjer på Remen når Hovdebygda kjem på besøk. I vårkampen mellom laga enda det med Hovdebygda-siger.

– Den kampen skal vi vinne, enkelt og greitt. Vi har i alle fall noko å revansjere etter at vi tapte 3–2 borte, og Hovdebygda skåra tre mål på dei første seks minutta.