Volda tok imot Rollon på Volda stadion torsdag kveld. Begge lag var tippa til å kjempe om opprykk denne sesongen. Medan Volda har innfridd har Rollon slite i vårsesongen. Mot Stranda i førre serierunde vart det 7-0-siger, og Rollon var jakt etter revansje for 1-4-tapet mot Volda på heimebane. Etter ein mållaus 1. omgang sendt Runar Aahjem Løvold vertane i føringa etter eit hjørnespark i 2. omgang. Heimelaget skapte fleire sjansar i løpet av omgangen, men det vart ikkje fleire skåringar og Volda vann kampen 1-0.

Emblem spelte uavgjort 0-0 borte mot Hareid, og dermed har Volda ei luke på åtte poeng ned til Emblem etter 13 serierrundar. Volda møter Stranda borte komande torsdag før det er klart for lokaloppgjer mot Ørsta på bortebane 5. september.

Resultat i 4. divisjon

Hareid - Rollon 0-0

Langevåg - Godøy 1-3

Blindheim - Valder 0-4

Sykkylven - Skodje 3-1

Volda - Rollon 1-0

Stranda - Ørsta (fre.)