Hovdebygda var store favorittar då Hasundgot kom på besøk torsdag kveld. Gjestene gjekk på eit 0-10-tap i førre serierunde mot Vigra, medan Hovdebygda vann 2-0 borte mot Ørskog. Hovdebygda kjempar om direkte opprykk til 4. divisjon, og Hasundgot ligg på nedre halvdel av tabellen.

1-0 til pause

Fire minutt ut i kampen slo Robert Roseth eit hjørnespark, og Per Ole Egset sendte vertane i føringa. Hasundgot kom til ein god sjanse like etterpå, men Håvard Aasen rydda unna. Heimelaget tok meir og meir over banespelet, men sleit litt med presisjonen i det offensive spelet. Håvard Kårstad, Egset og Roseth kome alle til gode sjansar i 1. omgang, men laga gjekk til pause på stillinga 1-0.

Hovdebygda heldt fram med å køyre kampen i 2. omgang, og ti minutt ut i omgangen losna det for vertane. Etter ein duell i feltet hamna ballen i beina på Egset som var heilt aleine, og han pirka inn 2-0. To minutt seinare sette Kjetil Kalvatn ballen i stolpen, og Kjetil Fosse sette returen i mål. 4-0 kom midtvegs i omgangen. Roseth kom på eit flott raid på venstresida, og banka ballen i mål frå 16 meter. Fem minutt seinare spelte Fosse gjennom Kalvatn som auka til 5-0. Minuttet seinare slo Roseth eit hjørnespark. Alexander Berget vann duellen på første stolpen, og heada kontant inn 6-0. Hovdebygda gjorde fleire bytter utover i omgangen, og alle spelarane fekk sleppe til. Hasundgot vart slitne, og hadde nok med å forsvare seg. Eitt minutt før full tid spelte Bendik Haddal fri Berget som sette inn sitt andre mål for dagen. Eitt minutt seinare gjekk ballen frå Hugo Mulasi til Haddal. Han slo ballen på bakarste stolpe der Bergset fullførte sitt hat-trick og fastsette sluttresultatet til 8-0. Ein svært fortent siger for Hovdebygda.

- Kunne vorte fleire mål

- Innsatsen, vilja til vinne og vilja til å vinne duellane var på plass, men feilprosenten etter at vi vann ballen var for høg. Det måtte vekk i 2. omgang. Dei ti første minutta av 2. omgang var lik 1. omgang, men så var det ei periode på 25 minutt som var heilt perfekt. Det var klikk-klakk, det var overlappingar, innlegg og måla kom. Hadde kampen vart lenger så kunne det ha vorte fleire mål, seier Hovdebygda-trenar Frode Tømmerbakk.

Med ein kamp meir spelt ligg Hovdebygda tre poeng bak Vigra på opprykksplass. Neste kamp for Hovdebygda er lokaloppgjeret mot Vartdal på Remen 30. august.