Åmdal var favorittar då Ravn gjesta Legene onsdag kveld. Vertane var det beste laget i 1. omgang, men litt manglande presisjon gjorde at det ikkje vart skapt så mange sjansar. Kristian Sirnes og Sigurd Nybø var nærast dei første 20 minutta, men etter 22 minutt var Emil Heltne på eit raid der ballen til slutt hamna i beina på Nybø. Frå 12 meter var han sikker og 1-0 til Åmdal. Ole Martin Korsnes var nær ved å doble leiinga på eit frispark 8 minutt før pause. Ravn hadde ikkje ein kvalifisert målsjanse i løpet av dei første 45 minutta, og Åmdal gjekk til pause i leiinga 1-0.

Fire minutt ut i 2. omgang vann Sivert Haddal ein hovudduell i Åmdal-feltet og utlikna for Ravn. Like etterpå redda Ole Johnny Lauvstad meisterleg eit frispark frå 20 meter som var på veg i krysset. Sirnes var nær ved å sende Åmdal i leiinga igjen etter dårleg målvaktspel, men avslutninga gjekk utanfor. Nybø og Sirnes kom begge til gode sjansar, men ballen gjekk ikkje i mål. Etter 25 minutt spelte Ravn ballen gjennom midten og Thomas Bjørlykhaug sendte gjestene i føringa mot spelets gang. Seks minutt seinare fekk Åmdal eit mål annulert for angrep på målvakt, men fire minutt seinare var Korsnes høgast på eit hjørnespark og utlikna. Etter 85 minutt fekk Nybø to sjansar på 5 meter, og sendte Åmdal tilbake i føringa. Vertane fekk store rom å springe mot slutten av kampen, og eitt minutt på overtid utnytta dei romma. Nybø sette inn sitt tredje for dagen og fastsette sluttresultatet til 4-2.

Ein fortent Åmdal-siger, og laget klatra opp på 6. plass på tabellen.

- Det vart ein fortent siger til slutt, men vi gjer det unødig spennande. Vi slepp inn to dritmål der vi misser ballen i midtbaneleddet og får kontring imot. Eg har sagt i heile år at klarer vi å unngå dette så slepp vi baklengsmål. Vi rauk på det, men heldigvis så klarte vi å snu det, seier spelande Åmdal-trenar Svein Erik Grevsnes.

Torsdag spelar tek Hovdebygda  imot Hasundgot på heimebane 5. divisjon, og søndag tek Sæbø imot Ørskog på Sæbø stadion. Vartdal skulle møte Vigra heime torsdag, men denne kampen vert flytta grunna banetilhøva på Remen. Ny dato er ikkje fastsett.

I 6. divisjon vart det 2-0-siger for Hovdebygda 2/Volda 2 heime mot Tjørvåg.