Gjennom heile denne sesongen har Mathea Stranden og Anny Våge Molvær levert svært gode nasjonale resultat i alpinbakkane. I helga vart Donald Duck Winter Games arrangert i Hemsedal med heile alpinfamilien samla. Første konkurranse var storslalåm fredag. Stranden var soleklart raskast i 1. omgang med tida 55,44. Våge Molvær køyrde inn til ein sjetteplass. Ulstein-jenta leverte ein gnistrande 2. omgang og køyrde seg oppover på resultatlista. Berre Stranden klarte å halde farta, og dermed vart det dobbelt Ørsta Alpin på sigerspallen. Stranden tok 1.-plassen og Våge Molvær på 2.-plass i J14-klassa.

6. plass

Laurdag stod Henrik Stranden på startstreken i slalåm for G12. Den unge alpinisten leverte to gode omgangar og tok 6.-plassen i klassa. I storslalåm køyrde Stranden inn til ein 14.-plass.

2.- og 4. plass

Søndag var jentene i aksjon i slalåm. Under landsfinalen i Oppdal for to veker sidan gjekk jenta frå Ulsteinvik heilt til topps. Raskt gjekk det også i Hemsedal der Våge Molvær var i leiinga etter 1. omgang. Fort gjekk det også med klubbvenninna Stranden som køyrde inn til ein 3.-plass. I 2. omgang var Våge Molvær uheldig i henget, datt, røyste seg og trakka opp att. Sjølv med uhellet gjekk det utruleg fort ned bakken i Hemsedal. Våge Molvær køyrde inn til 2.-plass i konkurransen, og Stranden tok 2.-plassen.

I J13-klassa køyrde Ariana Rebbestad inn til 9. plass.

Disk

Det vart og arrangert FIS-renn for juniorar i Hemsedal. Sondre Rekkedal Åmbakk, som går på skigymnas på Oppdal, leverte ein god 1. omgang og låg på 7.-plass. I 2. omgang hadde ørstingen ei ugyldig portpassering og vart difor diskvalifisert.

Donald Duck Winter Games markerte sesongavslutninga for alpinistane.

Henrik Stranden (t.v.) køyrde inn til 6. plass i slalåm Foto: Privat