– Sesongoppkøyringa har vore variabel. Vi har vore bra greitt med folk på treningane nokre gongar, og litt for lite folk andre gongar. Helst skulle vi ha fått vore litt ute, men no er Legene klar. At vi får trene når vi vil betrar vår situasjon, seier Grevsnes.

I år er det tre avdelingar i 6. divisjon, og Åmdal spelar i avdeling to med m.a. Vartdal og Ørsta 2.

– Eg har ikkje tenkt så mykje på oppsettet, men det ser bra greitt ut. Det er ikkje mykje lenger å reise til Ålesund enn til Gjerdsvika og Moltustranda, og det skal bli greitt å spele mot laga på denne sida av Moa. Det er ei sterk sportsleg avdeling. Andrelaga til Ørsta og Emblem veit du aldri kva stiller med, og det vert nok ein del vanskeleg bortekampar denne sesongen.

Med ni lag i avdelinga vil det bli nokre kamppausar innimellom. Åmdal fekk pause allereie i 1. serierunde og sesongen vert sparka i gang borte mot Langevåg 2 den 25. april.

Mista toppskåraren

Åmdal vart svært nære opprykk til 5. divisjon i fjor, men måtte sjå Guard ta steg opp etter kvalifiseringa. Dei offensive rekkene har blitt tynna litt ut over vinteren, og det store spørsmålet som Grevsnes har før årets sesongstart er kven som skal skåre måla for Åmdal denne sesongen.

– Vi har mista eit par voldingar i Mathias Vasbotn Remmereit og Vebjørn Osdal. Dette var gode spelarar for oss i fjor, og vi har mista vår toppskårar og ein av dei mest kreative spelarane vi hadde.

Sterke defensivt

Vebjørn Steinnes er tilbake i Åmdal-drakta etter ein sesong i Ørsta.

– Det vil forsterke oss mykje defensivt. Torbjørn Sande har teke ein pause, men vi har fått inn ein målvakt på same nivå. Totalt sett så er vi vonleg ikkje svekka og cirka like gode som i fjor.

– Kva vert nøkkelen for Åmdal denne sesongen?

– Det blir å skåre nok mål. Defensivt held vi bra stand, men vi må lage nok målsjansar og mål. Kven som skal gjere det er ikkje heilt avklart.

Lokaloppgjer mot Ørsta og Vartdal

9. mai møter Åmdal Ørsta 2 på bortebane og 15. mai er det klart for lokaloppgjer mot Vartdal.

– Vi gler oss til lokaloppgjera. Vi veit kva som møter oss i Vartdal og så er det spennande med Ørsta 2. Eg vonar at dei og dei andre 2. laga klarer å stille jamne lag gjennom sesongen. Det spelar ingen rolle om dei slår alle laga i divisjonen så lenge dei stiller eit jamt lag til kvar kamp.