Ørsta IL Fotball slo på stortromma laurdag då dei inviterte til avspark for sesongen i gågata i Ørsta.

Gata har sjeldan hatt så mange menneske samla på ein gong.

- Det var utruleg kjekt å sjå. Her var 600-700 menneske samla, med fotballspelarar, foreldre og anna publikum, estimerer Terje Kjøde.

Han var konferansier under avsparket, og også mannen bak ideen.

- Eg foreslo dette for fotballgruppa. Eg tenkte at det hadde vore kjekt for fleire å sjå alle dei unge spelarane. Det vert noko anna å gjere det her, enn på kunstgrasbana, meiner Kjøde.

- Og så kan det ha positiv effekt for gata vår også. At folk "gjenoppdagar" henne og kan verte flinkare å bruke henne. Her er både butikkar og kafear som fortener besøk, held han fram.

Alle laga, frå dei yngste på seks år og spelarane opp til A-laget vart presentert.

Skal bli proffar

Leander Forberg Øyehaug (9) og Elias Nupen Lothe (10) var to av dei som var med og som vart presentert for eit stort publikum i gågata.

Dei elskar sporten sin.

Leander Forberg Øyehaug (9) og Elias Nupen Lothe (10). Foto: Janne-Marit Myklebust

- Det er kjekt. Alt er kjekt med fotball. Eg har spelt sidan eg var tre år, fortel Leander.

- Det kjekkaste er å skåre, og å sentre til andre. Lagspelet, fairplay, og det å vere med vener, fortel dei to.

Dei har ambisjonane klare: - Vi skal bli proffar, fortel dei bestemt.

Heltane deira spelar på Manchester United og Real Madrid.

Og dermed er fotballsesongen offisielt i gang.

- Eg tur dette må bli ein tradisjon, med avspark i gågata, seier Terje Kjøde.

- Det var veldig kjekt.