– Eg er nøgd med kampen og det var ein av beste kampane vi har spelt i år. Vi hadde skikkeleg bra tempo i spelet, alle skåra og det var ein skikkeleg lagsiger, seier Aambakk.

Før årets sesong forsterka Storhamar laget med mellom andre strekspelar Heidi Løke og målvakt Alma Hasanic Grizovic. Laget vart spådd til å vere med å kjempe i toppen av norsk damehandball, og dei har innfridd forventningane. Onsdag kveld tok Aambakk og resten av lagvenninnene imot Oppsal på heimebane. Storhamar var store favorittar til kampen og tok raskt kontroll over kampen. Ni minutt før pause skåra Aambakk sitt første mål i kampen og gav Storhamar leiinga 14–5 etter ei kontring. Totalt vart det fem skåringar for bakspelaren frå Åmdalen, og Storhamar vann kampen 46–22. Med to poeng sikra Storhamar seg også medalje i årets Eliteserie. Storhamar ligg på tredjeplass på tabellen og har tretti poeng på atten kampar. Vipers Kristiansand har like mange poeng, men ein kamp mindre spelt. Larvik toppar tabellen eitt poeng føre dei to konkurrentane. Vipers Kristiansand er neste motstandar for Storhamar. Om Storhamar skulle slå seriefavoritten vil dei kunne feste eit lite grep om seriemeisterskapen. Etter kampen i Kristiansand, ventar to heimekampar mot Gjerpen og Fredrikstad før sesongen vert avslutta borte mot Larvik.

– Vi har no sikra bronsen. Dette er ein av dei beste sesongane Storhamar har hatt i si klubbhistorie. Vi er supernøgde med medalje, men vi ser at det er ein sjanse både for sølv og bronse. Det blir ein veldig viktig kamp søndag og ei spennande avslutning på sesongen.

– Er du nøgd med sesongen for din eigen del?

– Eg hadde ein trå start på sesongen med ein del småskadar, men eg føler at det har losna i det tre siste kampane. No har eg von om å avslutte sesongen godt. Eg skal bidra godt i avslutninga av seriespelet og ikkje minst sluttspelet.

Storhamar-trenar Arne Senstad har von om at laget skal gjere ein god prestasjon mot Vipers.

– Det blir dumt av meg å stå her og si at vi skal vinne, for vi vart blåst av bana då vi møtte dei sist. Men vi er blitt betre og betre, og eg håper og trur at vi kan dra ned dit og gje dei skikkeleg kamp, sa trenaren til Hamar Arbeiderblad etter kampen onsdag.