Tysdag spelte damelaget sin første treningskamp for sesongen heime mot Hareid. Til kampen hadde Ørsta ein tropp på tjue spelarar, og totalt har dei tjuefire spelarar når alle er samla. Etter sesongen i fjor har det kome til mange nye spelarar, og trenarane Kjell Einar Dagfinrud og Rune Johnsen er glade for å ha ein fin miks mellom unge og etablerte spelarar.

– Vi har mange unge spelarar, men det er ikkje berre det. Vi skulle gjerne hatt eit par spelarar til midt i 20-åra, men vi har ein fin miks. Det har kome til ein heilt nye gjeng frå eigne rekkjer, i tillegg til at det har kome spelarar frå Volda, Hovdebygda og Åheim, seier Dagfinrud.

Damelaget skal i år spele i 4. divisjon, og er eit av ti lag i divisjonen. Tre av laga i divisjonen stiller med 9-ar-lag, medan Ørsta vil spele 11-ar-fotball.

– Vi har vurdert å stille med to lag, men vi har variert frå tolv til tjueto spelarar på trening. Spelarane her spelar fotball for å ha det kjekt, og viss det skjer noko anna med t.d. jobb eller skule så tenkjer vi at det sjølvsagt er viktigare. Dei skal ikkje organisere opp ned på livet sitt for å få til dette. hovudprioriteringa er heilt klart å ha det kjekt med fotballen. I tillegg til at vi klarer oss sjølve med den gjengen som vi har som held senioralder.

Damelaget har hatt gode treningstilhøve i Kiwi-hallen i vinter, og har no starta treningane ute. 17. april startar dei årets seriespel med heimekamp mot Herd 3.