NM U19 i volleyball vart arrangert i Stavanger i helga. KFUM Volda har levert gode resultat i U19 NM tidlegare, og dei lokale spelarane imponerte i år. Oslo Volley, Strand-Ulv IL og Farsund IL var motstandarar i gruppespelet for KFUM Volda. Det vart 2-0-siger (25-9, 25-18) mot Strand-Ulv i første kamp og ein ny 2-0-siger (25-18, 25-10) mot Farsund i andre kamp. Kampen om gruppesigeren avgjerast i siste kamp mot Oslo Volley. KFUM Volda vann første sett 25-20, men Oslo Volley slo tilbake med 25–20 i andre sett. I det avgjerande settet sikra KFUM Volda seg sigeren med settsifferane 15–11.

Med gruppesiger gjekk vegen direkte til kvartfinale i a-sluttspelet. Viking TIF var motstandar. KFUM Volda fekk ein god start på kvartfinalen med 25–19 siger i første sett. Det vart litt jamnare i andre sett, men KFUM Volda sikra seg sigeren med settsiger 25–22.

– Før vi reiste til Stavanger var målsetting å bli blant dei fire beste, og for å nå det målet måtte vi ta oss til kvartfinale. I kvartfinalen var det mykje god volleyball både frå vår og Viking si side, og gleda var stor då semifinaleplassen var sikra, seier trenar Leif Reidar Røv som hadde med seg Robert Sjøholt og Sverre Flåskjer som lagleiarar.

I semifinalen venta Dristug. Det var jamt mellom laga, men Dristug tok første settet 25–21. Med 25-20-siger i andre sett var Dristug klar for finalen, og KFUM Volda måtte ut i bronsefinale. Oslo Volley vart igjen motstandar då bronsekampen skulle avgjerast. Det vart eit jamspelt første sett som KFUM Volda til slutt vann 29–27.

– Oslo hadde leiinga 18-14, men derifrå og ut viste spelarane fantastisk styrke, samhandling og fokus på oppgåvene. Vi snudde settet til vår favør ved å spele klokt og gjere alt riktig. Gleda var stor etter første settet, og vi måtte nullstille oss. Vi klarte nullstillinga og lufta gjekk litt ut av Oslo.

I andre sett var KFUM Volda klart best og kunne juble for NM-bronse etter 25-16-siger. Dei gode prestasjonane av KFUM Volda sine spelarar vart lagt merke til. På All-Star laget vart Kristian Røv (kant) og Simon Hopland (midt) tekne ut.

– Det er kjekt å konstatere at det spirer og gror i klubben. Vi stiller med det laget vi har og det kjem ikkje spelarar for å styrke oss. Vi er tru mot våre ressursar i KFUM Volda.