Dei siste sesongane har Robert Roseth vore ein viktig spelar for Hovdebygda sitt herrelag. I fjor vart han toppskårar for klubben, saman med Bjørnar Holen, med ni skåringar i 5. divisjon. No er det klart at Roseth tek steget frå 5.- til 4. divisjon denne sesongen. Saman med Nikolas Fjørtoft (Norborg) og Per Espen Thorsen (Brattvåg) har Roseth signert for Rollon. Roseth vert omtalt som ei løpsmaskin av sin nye klubb på sosiale medium.

Frå Sæbø til Stranda

Dei to siste sesongane har Ronnie Furset utgjort ein svært målfarleg duo saman med Terje Haugen Øye for Sæbø. No er det klart at Furset forlèt Sæbø og går tilbake til moderklubben Stranda. Furset har sagt ja til å ta på seg trenaransvaret for 5. divisjonslaget, og dermed vert han å sjå på motsett banehalvdel for Sæbø-spelarane denne sesongen. Furset har skrive kontrakt på eitt år med Stranda.

Ronnie Furset vert trenar i Stranda. Foto: Joachim Åsebø