– Det er ein gjeng som er veldig påskrudd på trening og med stort engasjement. Gjengen er fokusert og vi har stort sett hatt gode treningar. Eg vil seie at det så langt heller har vore litt over forventingane eller på forventningane som eg hadde. Det har vore veldig positivt, seier Heltne om den første tida som hovudtrenar for Ørsta sitt a-lag i fotball på herresida.

Sesongoppkøyringa er godt i gang. Om to månader startar sesongen med heimekamp mot Hareid. Den ferske hovudtrenaren har prioritert det fysiske i starten av oppkøyringa, men arbeidet med det relasjonelle på bana har starta. Ørsta har gjennomført to treningskampar. På bortebane mot Bergsøy vart det gjennomført ein god kamp som enda uavgjort 2–2. Borte mot Eid i helga vart 6-1-tap.

– Prestasjonen mot Bergsøy var det mest oppløftande. I veka før kampen hadde vi fokus på korleis vi skulle opptre defensivt med tanke på forflytting og pumping i dei ulike ledda. Det var stort sett veldig bra i 90 minutt, og så hadde vi nokre fantastiske skåringar på raske overgangar. Responsen var veldig bra.

– Kva kan vi forvente av Ørsta denne sesongen?

– Tabellmessig har eg ikkje tenkt noko på. Vi skal skape ei gruppe som har eit toppnivå som kan slå alle laga i divisjonen. Det er ei ung gruppe og det vil gjere at vi vil variere i prestasjonane. Vi må finne måtar å heve botnnivået. Det er ganske vanskeleg, men får vi til det så er målet at vi går på bana med trua på å vinne alle kampane.

Det er ingen store endringar i spelarstallen til Ørsta frå laget som rykka opp frå 5. divisjon i fjor. Heltne har heller ikkje sett etter forsterkningar.

– Eg har ikkje sett etter nokon som helst. Gruppa er veldig jamn. Det er ingen plassar der vi føler at vi manglar noko. Så får vi sjå kva som skjer utover. Det er nokre skader, akkurat det toler vi, men vi veit aldri med fotballen. Akkurat no er kjempenøgd med troppen vi har.

Hovudtrenaren understrekar at Ørsta skal vere eit lag med mykje energi denne sesongen.

– Når det defensive vert veldig bra så kjem som regel det offensive etter. Eg har kjempetrua, men spenninga i fotballen er at ingenting er sikkert.

Nøgd: Heltne er godt nøgd med spelarstallen han rår over. Foto: Joachim Åsebø