Åtte sigrar, eit tap og ein uavgjort kamp var fasiten for handballdamene til Ørsta før bortekampen mot Isfjorden/Åndalsnes søndag. Heimelaget låg i botnen av 4. divisjon avdeling 1 og Ørsta hadde favorittstempelet før kampen. Bortelaget fekk klart den beste starten på kampen. Seks skåringar på rad før det var spelt fem minutt gav Ørsta 6-1-leiing. Vertane slo tilbake og stillinga jamna seg ut utover i omgangen. Då sluttsignalet gjekk etter 1. omgang viste resultattavla 11-9-leiing til gjestene.

Etter kvilen følgde laga kvarandre tett. Heimelaget tok føringa i kampen 17–16 midtvegs i omgangen, men fem minutt før slutt var Ørsta leiinga 20–17. Gjestene vann til slutt kampen 22–18 og kunne juble for niande siger for sesongen. Ingrid Hovden vart toppskårar for gjestene med åtte skåringar.

Ørsta ligg på 2.-plass to poeng bak Spjelkavik 2, men leiarlaget har ein kamp meir spelt enn Ørsta. Til helga gjestar Kristiansund 2 og Sykkylven/Stranda Ørstahallen.