350 spelarar frå 13 til 55 år fordelt på 35 lag deltok i Sparebank 1 Søre Sunnmøre vennecupen i Mørehallen i Volda laurdag.

Ideen er at vennegjengar går saman og dannar lag som spelar 5-arfotball.

I herreklassa gjekk laget Team Intersport til topps. Her var ein miks av spelarar frå Ørsta og Volda. Volda-spelar Tom Malins avgjorde finalen med to fine skåringar.

I dameklassa hadde ein gjeng frå Volda sitt A-lag fått med seg to studentar som begge har erfaring frå eliteserien. Og med Mette Osvold Muri ( Fortuna) og Eli Melseth ( Fortuna, Elverum, Vålerengen) på laget vart dei vanskeleg å slå.

Namnet på laget var "Røkla", men det var nok ironisk meint.

Ungdomsklassa for gutar vart vunne av Ulv i myra, eit lag frå Ørsta.

Team Intersport. F.v: Jonathan Åmot Olsen, Lars Olav Winjevoll, Markus Foss Håndlykken, Sondre Kårstad Nilsen, Rune Gaarder, Martin Roald, Tom Malins, Stian Finnøy og Kenneth Nydal ( lagleiar). Også med , men ikkje i finalen: Geir. A Kaspersen Foto: Svein Aam