Saman med Bergsøy IL og Emblem IL er Ørsta IL fotball nominert til prisen årets Fair Play-klubb av Sunnmøre fotballkrets. Det er kretsstyret som står bak nominasjonane og prisane skal delast ut på Fotballgallaen 7. desember. I grunngjevinga legg kretsstyret vekt på at Ørsta IL fotball har halde fram med arbeidet sitt knytt til Fair Play, og at klubben har hatt fokus på dei yngste årsklassene.

– Dei har stort Fair play-fokus på FFO, med vekas kaptein til ein spelar blant anna viser god Fair play-and, og på TINE Fotballskole hadde dei ein heil dag dedikert til Fair play-arbeid. Fair play blir teke opp på trenarforum, og alle lag blir oppfordra til å ta i bruk foreldrevettkort og kampvertvestar på kvar kamp.

Det vert og poengtert at Ørsta IL fotball har starta arbeidet med å utarbeide ei ny handbok for Fair Play, og at denne skal delast ut til alle lag før sesongstart. Vinnaren av årets Fair-Play-klubb får 15.000 kroner og diplom.

Kan bli årets kvalitetsklubb

Volda TI fotball er nominert til prisar under Fotballgallaen. Saman med Spjelkavik og Valder er klubben nominert til årets kvalitetsklubb, tidlegare årets breiddeklubb.

– Volda vert nominert for tredje gong og har også tidlegare vunne prisen årets breiddeklubb. Det skjedde i 2008. Volda er god på veldig mange område – men det som kanskje imponerer mest er klubben si fotballfritidsordning. Dei er størst i landet på FFO for jenter, og blant dei største totalt sett. Denne satsinga får også ringverknader på andre område i klubben, blant anna i utviklinga av trenarkompetanse, heiter det i grunngjevinga.

Prisvinnaren vil få 25.000 kroner og diplom.

Volda TI fotball er også nominert til årets arrangør Tine fotballskule. I grunngjevinga vert det lagt vekt på at førti prosent av deltakarane i Volda var jenter, og at det og var god balanse mellom talet på jenter og gutar som var instruktørar.

– Under fotballskulen gjennomførte også Volda minimerket og teknikkmerket for alle gruppene. Volda hadde stort fokus på sunt kosthald og instruktørar som alltid følgde gruppene sine, også under matserveringane og i pausane.