Ein av ørstingane som imponerte var Arnstein Nikolai Ose (G12). Han tok gull i kule med 7,90 m med 3 kg kula.

I G10 viste stemnedebutant Noah Digernes Merheb at han hadde mykje krutt i beina. 200 m gjekk unna i så god fart at det vart ny innandørs klubbrekord G10 på tida 33,25 sek. Sarah Moussa (J13) hoppa gode 4,29 m i lengde og sette ein ny flott personleg rekord. Filip Hoggen (G13) hadde ein god dag i Ulsteinhallen med to flotte personlege rekordar: 200 m 29,12 (før 33,33) og 4,31 m i lengde. William Lillefosse (G14) la ut på 1000 m kappgang og kom i mål på 7,19,58 - ny klubbrekord G14 1000 m kappgang innandørs.

Klubben har fått solid forsterking på kvinnesida. Christina Wilke skal delta for Ørsta IL i 2018. På stemnet hoppa ho 2,55 m i stav, 1,45 m i høgde og støtte 4 kg kula ut til 10,77 m.

Ørsta IL friidrett sine 20 påmelde deltakarar på stemnet sette 24 personlege rekordar og tok mange medaljar.

Sparebanken Møre leikane vart arrangert av Dimna IL i Ulsteinhallen laurdag 25. november. Det var rundt 200 deltakarar frå 30 klubbar på stemnet. Den største enkeltprestasjonen stod Jonas Andre Ose frå Dimna IL for med ny norsk aldersrekord G15 på 60 m med 7,08 sek.

Ørsta IL friidrett