– På stupekursa lærer ein trygg og sikker stuping, samt å bli fortruleg i vatn i tillegg til akrobatikk, heiter det i ei pressemelding frå VTI-Symjegruppa.

VTI-Symjegruppa er medlem i Norges Stupeskole og vi fylgjer malane i opplæringa som er tilrådd av NSF.

– Stupeidretten er ein idrett som gjev unike høve til å oppleve meistring på alle nivå, og denne idretten er noko alle kan drive med.

Symjegruppa hadde stupekurs for ein del år sidan, men grunna vanskar med å få tak i instruktørar og plassmangel i bassenget, vart det avslutta sjølv om det var eit svært populært tilbod.

– Vi hadde til og med eit par stk. som kom ifrå Ålesunds-traktene. No har vi to unge og dyktige instruktørar som er klar til å ta fatt med å skape eit friskt stupmiljø i bygda.

Målet er å etter kvart få i gong ein eigen stupeklubb.

– Så vidt vi veit har det ikkje vore stupeklubbar i den seinare tid mellom Bergen og Trondheim, men no har også Førde starta opp med stupekurs. Vi startar på nivå 1 som er «svale».

Tilbodet er for barn mellom 7 og 11 år, og minimumskravet for å ta del er at dei greier å symje inn til bassengkanten.