Ørsta hadde ei klar målsetting etter nedrykket frå 4. divisjon i år om at opphaldet i 5. divisjon skulle bli kortast mogleg. Med ein ung spelartropp var det mange som tippa Ørsta rett opp att, og laget fekk også ein god start på sesongen.

– Vi starta veldig bra poengmessig. Spelemessig var vi på gang, men ikkje heilt der vi skulle vere. Vi skapte for lite sjansar, men var solide bakover på bana, seier Are Bjørgum.

Skåra mest og fekk minst mål imot

Fasiten etter sju kampar var sju sigrar for Ørsta. Litt ut av det blå kom første tapet for sesongen heime mot Stranda, 1–4. Ørsta slo tilbake med 5-1-siger mot Vigra i neste kamp, men avslutta vårsesongen med uavgjort mot Herd 2 og Ellingsøy.

– Dermed fekk vi ikkje eit like stort forsprang som burde hatt før sommarferien. Vi trente bra i løpet av sommaren, og fekk to braksigrar i dei to første haustkampane. Så møtte vi Blindheim, Valder og Volda 2, og tapte alle kampane. Det var ikkje fortent, men slik er fotballen. Det var jamne kampar som ikkje bikka i vår favør. Då var vi eitt poeng føre Blindheim på tabellen. Vi måtte vinne dei seks resterande kampane, og det gjorde vi med utklassingssiffer. Vi var det laget som skåra mest mål og slapp inn minst mål i divisjonen denne sesongen, seier Bjørgum.

Øvrebotten toppskårar

Valder sikra seg 1.-plassen i 5. divisjon seks poeng før Ørsta. 2.-plassen gav også opprykk og dermed spelar Ørsta i 4. divisjon komande sesong. At Ørsta skåra mykje mål i år viser att på statistikken også. Mats Johannessen Øvrebotten vart toppskårar i 5. divisjon med 22 mål føre Knut Erik Myklebust som hadde 17 nettkjenningar.

– Priorterer annleis

Bjørgum peikar på opprykket som høgdepunktet gjennom sesongen. Dei to siste sesongane har han hatt hovudansvaret for herrelaget til Ørsta IL fotball, men han vert ikkje med vidare neste sesong.

– Eg takka nei til å vere med vidare før eg fekk spørsmålet. Det handlar om prioriteringar i heimen, og sjølv om dette er breiddefotball er det hektisk og tek opp fire dagar i veka. Eg går heller over til å vere spelar att i nokre år, seier Bjørgum utan å avsløre kva klubb han kjem til å spele for.

Ørsta IL fotball arbeider no med å få på plass trenarkabalen både på herre- og damesida i seniorfotballen.

– Ikkje avklart

I Hovdebygda er det ikkje avklart kven som trenar a-laget komande sesong, men mykje talar for at Kenneth Nydahl tek eit nytt år i klubben.

– Ingenting er signert og eg har ikkje lova noko, men i utgangspunktet skal det mykje til om eg ikkje tek eitt år til, seier Nydahl.

Hovdebygda hadde god start på årets sesong med fire sigrar på dei seks første kampane.

– Vi låg der vi ønska å kjempe, men vi vart redusert då toppskårar Bjørnar Holen gjekk til Sæbø og Skjalg Digernes var ute med sjukdom. Samtidig flytta to av studentane våre vekk, og til saman var det fire spelarar frå startoppstillinga som forsvann. Dermed vart det litt trøblete inn mot sommarferien. Vi hadde eit veldig godt trykk på treningane, men vi var litt uheldige og dårlege i avslutninga av vårsesongen.

Varierande haustsesong

Haustsesongen vart varierande for Hovdebygda.

– Vi starta litt som vi avslutta vårsesongen. Vi klarte ikkje heilt å kome i gang, og heile hausten vart litt småtrøblete. Vi sleit med skader, karantene og litt for liten stall. Det skulle ekstremt mykje til før vi rota oss bort i nedrykkskampen, og eg følte sjølv at vi aldri var truga.

Hovdebygda enda på ein 7.-plass i 5. divisjon. Robert Roseth og Holen vart toppskårarar med ni mål kvar. Nydahl har ikkje noko spesielt høgdepunkt frå årets sesong, men trekk fram prestasjonen i 1-0-tapet mot Ørsta.

– Vi gjorde ein ok kamp, og fekk vist kva som budde i laget. Vi vart ein mann mindre, kampen låg litt på kanten, men den bikka ikkje i vår favør, seier Nydahl.

Truleg med vidare: Ingenting er avklart i Hovdebygda endå rundt trenarspørsmålet, men det ligg an til at Kenneth Nydahl held fram i eitt år til. Arkivfoto Foto: Rune Sæbønes