Løparane våre har fått god rettleiing av dyktige trenarar, både våre eigne trenarar og kretsen sine. Det har vore køyrt øvingar på ski både i og utanfor løype. Etter skitreninga er det barmarkstrening, dette kan vere kondisjons-, styrke- eller koordinasjonsøvingar.

Samling på Juvass

Dei aller fleste av treningsdagane har i sommar og haust vore på Galdhøpiggen Sommarskisenter (Juvass). Skisenteret ligg på Juv-breen, ca. 1850 moh., ikkje langt frå Juvasshytta. Vêret skifter fort i høgfjellet, det kan vere fleire årstider på ein dag. Det har vore varme og kalde dagar, vindfulle dagar, dagar med regn og snø, men aller mest av strålande dagar med mykje god skikøyring av glade og ivrige alpinistar.

I haustferien arrangerte Møre og Romsdal Skikrets kretssamling for aldersklassene 10 år og eldre. Der deltok alpinistar frå Ørsta Alpin, Spjelkavik, Stranda, MOI og Rival, Rauma og Stordal Alpin. Totalt deltok meir enn 60 alpinistar frå Møre og Romsdal på denne samlinga. Dei eldste årsklassene fekk 5 treningsdagar, U10 og U12 fekk 3 treningsdagar.

Ørsta Alpin har også arrangert eigne klubbsamlingar på Juvass i juni og august.

Når det er treningssamling på Juvass bur mange av kretsen sine klubbar samla i Lom og omland. Løparar og foreldre frå klubbane i kretsen vert godt kjende med kvarandre og det er eit trygt, godt og inkluderande miljø for både unge og vaksne.

Bjorli

I november startar vi treningane på Bjorli. Vinteren er komen til Bjorli og vi håper på sesongopning på skisenteret no til helga. Det vert både kretssamlingar og klubbsamlingar på Bjorli i helgane og vekene fram mot jul. Konkurransane i Møre og Romsdal Skikrets tek til i januar.

Til vinteren startar vi opp att med treningar på Bondalseidet. Vi har tidlegare år også trena hjå Hornindal skisenter. Det vert oppstart av trening på heimebane så snart forholda tillèt det.

Ref.

Ørsta Alpin

Klubbsamling: Ørsta alpin har hatt eigne samlingar på Juvass. Her frå samlinga i august. Foto: Ørsta Alpin
I rute: Marthe Aarskog Walseth og Jenny Kristin Tvergrov er to av Ørsta-alpinistane som er i rute før årets sesong. Foto: Ørsta alpin