Dermed er ei innhaldsrik karriere over for ei av dei beste handballspelarane på Sunnmøre. 36-åringen frå Ørsta har spelt i fem klubbar, den kvalitativt beste perioden for bergensklubben Tertnes der Karoline blant anna fekk spele Champions League-kvalifisering og NM-finale i Oslo Spektrum.

Den aller siste kampen vart mot nabo Bergsøy i ein kamp Volda vann klart, men der Dyrhol Slenes var uheldig og pådrog seg ein stygg kneskade.

No er domen klar. Skaden er såpass alvorleg at karrieren er over for den fotrappe vingspelaren.

– Det vart påvist eit lite brot i kneskåla, menisken fekk seg ein smell, men mest alvorleg at fremre korsband og innside leddband var avrevne. Kan Karoline fortelje etter å ha fått vite resultata etter MR-undersøkinga i førre veke.

– Det blir det ikkje aktuelt å trene seg opp att?

– Nei, no er det slutt på handballspel. Men det vert operasjon for at kneet skal bli best mogeleg slik at eg kan bøye det att, seier Karoline Dyrhol Slenes. Ho håper sjølvsagt å verte såpass bra at ho kan vere aktiv både som mor og ein dag som bestemor, som ho tidlegare har fortalt i intervju med Sunnmørsposten.

Bittert og kjipt

– Bittert at det vart ei slik avslutning?

– Ja, det er både kjipt og bittert. Eg veit det blir ei tøff tid også etter operasjonen, men eg har lyst til å bidra inn mot klubben på eit vis seinare i sesongen, seier den sympatiske 36-åringen.

Ho har sjølv to døtrer som spelar handball i moderklubben Ørsta IL. Karoline er trenar for den yngste på minihandball-laget, medan mannen Tom Slenes er trenar for 11-årslaget der den andre dottera er aktiv.

– Volda skal ut i toppkamp søndag mot Nordstrand, kva trur du om denne kampen, Karoline?

– Det blir ein tøff kamp for to lag som ikkje har tapt så langt. Med heimebane bør det vere gode sjansar for siger, meiner Karoline Dyrhol Slenes. Som i det sivile liv er sjukepleiar på Volda Sjukehus.

Må sjå framover

Volda-trenar Halldor Stefan Haraldsson synest det er trasig å miste sin mest erfarne spelar tidleg i ein sesong der klubben har ambisjonar om opprykk.

– Sjølvsagt vil det bety ein del for oss å miste Karoline, men sånn er situasjonen blitt. Vi må tenke vidare og bruke dei spelarane vi har. På Karoline sin plass kan vi nytte enten Anette Berg, Maria Ulla eller Pernille Ingebrigtsen, seier Haraldsson.

Som veit at sesongens største utfordring kjem mot Nordstrand søndag kveld.

– Dei har fått spelarane frå Bækkelaget som vi møtte førre sesong og er eit betre lag. Vi vann med ti mål på heimebane då, men tapte like stort i Oslo. Uansett bør vi vinne i Voldahallen, seier islendingen før toppkampen søndag.

Denne saka stod først på trykk i Sunnmørsposten.