Med siger heime mot Ellingsøy ville Ørsta sikre 2. plassen og opprykk til 4. divisjon torsdag kveld. Etter ein litt slurvete start på kampen byrja Ørsta å ta over banespelet og tok kontroll over kampen. Torgeir Halsen på spissplass kom til nokre halvsjansar, i tillegg til at Borgar Ose var nær ved å sende vertane i føringa. Etter 22 minutt varta heimelaget opp med eit flott angrep. Ballen vart slått inn frå høgre, og Sverre Sætre Orten sende Ørsta i leiinga. Etter skåringa tok heimelaget fullstendig over banespelet, og Ellingsøy var knapt bort i ballen. Likevel klarte ikkje heimelaget å skape dei største sjansane og målet uteblei. På overtid av 1. omgang dobla Daniel Aakre leiinga for Ørsta, og vertane gjekk til pause på stillinga 2-0.

Fire minutt ut i 2. omgang ordna Sætre Orten tremålsleiing, og før speaker Alf Vatne hadde fått annonsert målskåraren var Knut Erik Myklebust frampå og ordna 4-0. Kampen var punktert. Ti minutt ut i omgangen skåra Myklebust sitt andre mål. Ørsta heldt fram med å skape sjansar utover i omgangen. Ti minutt før slutt sette Olai Vinjevoll inn 6-0, og rett før slutt vart det 7-0 etter eit sjølvmål. Ørsta-sigeren kunne ha blitt mykje større, men etter 1-0-skåringa var det aldri tvil om at Ørsta ville sikre opprykket i siste serierunde. Sætre Orten vart kåra til dagens ørsting framfor rundt 300 tilskodarar på kunstgrasbana i Ørsta.

Ørsta-trenar Are Bjørgum var ein svært blid etter kampen.

– Vi var svake i starten, og det var mange unge gutar med høge skuldrar. Eg veit ikkje kva snittalderen i startoppstillinga vår i dag, men der er berre tre spelarar som dreg opp snittalderen. Då vi får målet og får i gang spelet slepp spelarane seg meir lause og då var det avgjort.

– Kor godt er det at opprykket no er sikra?

– Det er veldig godt. Dei siste par dagane hatt eikriblande stemning i kroppen og tenkt "kva om vi ikkje greier det", men det er ufatteleg herleg å vere klar for 4. divisjon. Det har vore målet vårt sidan første møtet. Saman med Reidar Vågnes sat vi opp måla før sesongen og kva vi måtte ofre for å nå dei. No er det herleg å få tilbake gevinsten av alt treningsarbeidet som vi har lagt ned.