Utestaden So es Bors i Volda har satsar på å vise engelsk fotball og markerer dette komande laurdag. Skotten Brian McClair med 470 kampar for Manchester United og 127 mål vil vere til stades heile dagen på utestaden. Dagen startar med vising av Manchester United mot Liverpool, og kampane vil gå slag i slag utover dagen. På kvelden har Skapsmak og Pikekysz samla seg og vil stå for den musikalske underhaldninga.

Det er Aleksander Goksøyr som kom med ideen, og Thomas Sporsheim har ordna slik at McClair kjem til Søre Sunnmøre.

– Det er ikkje kvar dag at utanlandske fotballprofilar kjem til Volda, og Brian vil kome med sine meiningar før kampen mellom Manchester United og Liverpool, seier Sporsheim.

– Vi vonar at dette blir ein kjekk dag for alle frå a til å, seier Goksøyr.