Åmdal var store favorittar borte mot Tjørvåg, men det var heimelaget som kom best i gang. To avslutningar i treverket og ei god redning av målvakt Torbjørn Sande hindra Tjørvåg-mål. Etter eit kvarter sende Terje Rebbestad gjestene i føringa, og Åmdal tok etter kvart kontroll over kampen. Det vart ikkje fleire mål før pause. Per Haug dobla til 2–0 etter 70 minutt, og heilt på tampen av kampen fastsette Øyvind Bjørkedal sluttresultatet til 3–0.

– Etter vi fekk målet la vi om formasjonen, og derifrå og ut var det i grunnen einvegskøyring. Det var utruleg at det berre stod 1–0 til pause. I 2. omgang heldt vi fram, og det var godt å vinne igjen, seier Dvergsdal som framhevar Mats Winjevoll og Olav Magnus Hjelle etter kampen.

Målsetting er no å ta ni poeng på dei tre siste kampane.

– Eg er ganske sikker på at Sæbø gir frå seg poeng mot Vartdal, og vi føler oss sikre på at vi går forbi Sæbø.

Åmdal møter Moltustranda laurdag, medan Sæbø skal ut i lokaloppgjer mot Vartdal. Med ein kamp mindre spelt ligg Åmdal fire poeng bak Sæbø.