Onsdag kveld slo vart det 4-1-siger for Blindheim heime mot Åram/VanKam. Dermed gjekk Blindheim forbi Ørsta på tabellen med ein kamp meir spelt. Torsdag kveld tok Ørsta turen til Stranda, og i bortekampen fekk gjestene ein god start. Mats Øvrebotten gav gjestene leiinga etter sju minutt, og same mann dobla leiinga fem minutt seinare. Midtvegs i omgangen reduserte Stranda, men Knut Erik Myklebust ordna 3-1-leiing til Ørsta før pause.

I 2. omgang skåra Tore Sætre Orten Ørsta sitt fjerde mål i kampen. Etter 82 minutt vart Myklebust tomålsskårar då han fastsette sluttresultatet til 5-1-siger for Ørsta.

På dei to siste seriekampane har Ørsta skåra tretten mål, og med tre nye poeng gjekk dei forbi Blindheim att på tabellen. 2. plassen som Ørsta har gjev direkte opprykk til 4. divisjon.

Komande veke er det lokaloppgjer for Ørsta borte mot Hovdebygda. Hovdebygda møter Giske på heimebane laurdag.