Volda sine handballdamer avslutta helga i Trondheim med bortekamp mot Utleira søndag. Laurdag vart det 28-26-siger mot Selbu.

Både Volda og Utleira er tippa til å kjempe i toppen av 2. divisjon avdeling tre denne sesongen, og laga følgde kvarandre tett på resultattavla gjennom dei første tretti minutta. Til pause vart det Utleira som var i leiinga 13-12. Ti minutt ut i 2. omgang hadde Volda fått ei tremålsleiing. Gjestene klarte å halde på leiinga kampen ut. Kine Kvalsund skåra det siste målet i kampen og fastsette sluttresultatet til 25-22-siger for Volda.

Dermed har Volda opna årets sesong med tre strake sigrar, og slått Utleira både heime- og bortebane. Kvalsund vart toppskåra for Volda med seks mål. Karoline Dyrhol Slenes, Thea Imani Sturludottir og Marte Nornes skåra fem mål kvar i kampen.

Neste kamp for Volda er heime mot Aker 24. september.