Dette er ny klubbrekord og solid forbetring av personleg rekord. Elias er no tredje beste i landet i spyd i sin aldersklasse.

Åse Øyehaug (J16) tok sølv og imponerte på 300 m hekk med tida 49,11 sek og ny klubbrekord og ny pers. Andrine Hjellen Haugland (J18/19) kasta spydet gode 40,90 m, ikkje langt unna pers. Hannah Marie Skjeret sprang ein god 100 m på 12,83 sek, og viste at ho er på rett veg. Resten av utøvarane imponerte også. Mange av dei sette gode nye personlege rekordar.

Ørsta IL friidrett hadde med ti utøvarar på Hadarleikane på Hareid søndag 28. mai.

Olve Øyehaug