Den første semifinalen i sluttspelet i handball for kvinner vart spelt søndag kveld. På heimebane på Hamar var det gjestene Vipers Kristiansand som kom best i gang, men midtvegs i omgangen var laga like langt. Malene Aambakk skåra det siste målet før pause, og gjestene var i føringa 14-13 halvvegs. Laga følgde kvarandre også etter pausen. Då det stod att tolv minutt av kampen hadde Storhamar bygt seg opp ei tremålsleiing. Dette forspranget gav ikkje heimelaget frå seg, og dei kunne juble for 29-27-siger i første semifinale. Aambakk skåra fire mål for Storhamar, og Hilde Egset noterte seg for to mål.

I den andre semifinalen vart det 31-30-siger til Larvik over Byåsen. Kven som vert klar for finalen vert avgjort onsdag 3. mai.