Laurdag var det slalåm som stod på programmet. Her var det Anny Våge Molvær som trakk det lengste av våre alpinistar og vart Vestlandsmeister i klasse U14. Mathea Stranden tok andre plassen i same klasse. I gutar U14 vart Bendik Åmbakk nummer to, medan Ariana Rebbestad tok ein tredjeplass i U12. Tuva Øye køyrde inn til 13 plass i denne klassa. Henrik Stranden deltok i U12 gutar, men vart diska etter ein hekt. Trym Øye køyrde inn til ein 6 plass i gutar U16.

Storslalåmen søndag synte seg å verte svært spennande for Ørsta alpinistane og når rennet var ferdig hadde Ørsta fått to nye Vestlandsmeistrar. Bendik Åmbakk tok sigeren i gutar U14, medan Mathea Stranden tok sigeren i jenter U14. Bendik tok sigeren med knappast mogleg margin, 9 hundredelar, og gjorde det heile svært spennande. I jenter U14 såg det lenge ut til at Ørsta kunne greie å tapetsere pallen. Oda Brenne leia rennet etter fyrste omgang, men Mathea Stranden hadde litt ekstra å gi andre og tok sigeren føre Oda etter skarp køyring. Anny Våge Molvær låg på tredjeplass etter fyrste omgang, men ein feil i andre omgang gjorde at ho hamna litt lenger ned på lista. I jenter U12 splitta Ariana Rebbestad ein duo frå Voss og kneip andre plassen også denne dagen. Tuva Øye vart nummer 14 i jenter U12 og Henrik Stranden tok ein flott 5 plass i guteklassa U12. Tuva og Henrik er av dei yngste i sine klasser og skal halde fram i denne klassa også neste år. Trym Øye vart nummer 6 i den sterke U16 klassa og synte jamn og god køyring.

Sesongavslutning i Hemsedal

I dei urangerte klassene deltok Aleah og Anabelle Rebbestad og Anders Stranden for Ørsta og Ada Brenne for Volda alpin. Neste helg er det sesongavslutning for alpinistane på Hemsedal der dei skal delta i Donald Duck Wintergames.

Ref. ØIL Alpin

Til topps: Anny Våge Molvær vann slalåm med Mathea Stranden på 2. plass under Vestlandsmeisterskapen.