Daniel Aakre utlikna til 1-1 for Ørsta. Ørsta slo Åram/VanKam 3-1 i serieopninga i 5. divisjon.

Daniel Aakre utlikna til 1-1 for Ørsta. Ørsta slo Åram/VanKam 3-1 i serieopninga i 5. divisjon.

Ørsta vann i seriepremieren

Tomålssiger for Ørsta over Åram/VanKam.

Ørsta er ein av favorittane i 5. divisjon denne sesongen, og har sjølv eit mål om opprykk til 4. divisjon. Etter at Ørsta IL fotball var ferdig med kick-off spelte a-laget årets første kamp heime mot Åram/VanKam torsdag kveld. Vertane fekk ikkje den beste starten på kampen, og mangla rytme i spelet. Etter fem minutt fekk Torstein Koppen vende opp og fyrte av frå 20 meter. Ballen fauk inn i nettmaskene bak Martin Liaskar og Åram/VanKam var i leiinga. Gradvis kom Ørsta meir med og etter kvart hadde heimelaget det spelemessige overtaket. Sigurd Sundnes og Daniel Aakre var nær skåring for Ørsta, men gjestene hadde og ei avslutning i stolpen. Etter 25 minutt ruva Aakre høgast på eit hjørnespark frå Simen Tømmerbakk Flekke, og midtstopparen stanga inn ei fortent utlikning. Knut Erik Myklebust avslutta i nettveggen nokre minutt seinare. Etter 37 minutt var Frode Følsvik nær skåring. Returen hamna i beina på ein Ørsta-spelar og på innlegget sende Myklebust heimelaget i føringa.

Etter pause tok det berre 32 sekund før leiinga vart auka. Tømmerbakk Flekke kom til avslutning etter ein god prestasjon, og på returen var Myklebust som skåra sitt andre mål for kvelden. Spelemessig hadde Ørsta god kontroll i 2. omgang. Åram/VanKam skapte litt farlegheiter, men heimelaget hadde nok sjansar til at sigeren kunne ha vore større. Olai Vinjevoll fekk den siste store sjansen i kampen, men avslutninga gjekk utanfor. Dermed vart det favoritt- og heimesiger i første kamp for Ørsta.

Hovdebygda spelte borte mot Herd 2 i årets første seriekamp. Gjestane hadde von om ein god start, men etter dei første 45 minutta var Herd 2 i leiinga 1-0. Rett etter pause auka vertane leiinga, og utover i omgangen gjekk Hovdebygda opp i liminga. Herd 2 var i leiinga 5-0 før Hovdebygda svarte. Bjørnar Holen reduserte til 5-2, men det enda med tap for Hovdebygda.

Volda 2 tok imot Valder på Volda stadion. Stian Finnøy gav heimelaget leiinga før Henrik Hole Oksnes utlikna frå straffemerket for bortelaget. Edvard Tødenes sende Volda i føringa igjen rett før pause. Steffen Oknes Elde utlikna til 2-2 ti minutt før slutt, og Levi Blindheim ordna 3-2-siger for Valder på tampen av kampen.

Andre resultat:

Stranda - Giske 3-1

Skodje - Blindheim 1-5

Meir å lese på Møre-Nytt:
Dette vert lest no:

Tolv år og kyrkjeorganist

Eirik Stave er berre tolv år, men spelar kyrkjeorgel som om han ikkje skulle ha gjort anna.

Per Inge ryddar Ørsta

På 150 meter på Mosflata, samla Per Inge Rebbestad 14 sekkar med bos, isoporrestar, bildelar, oljetønner og restane av ei gatelykt.

Ny flyrute til Oslo

Widerøe aukar kapasiteten på Ørsta–Volda lufthamn, Hovden.

Takkar for gjevargleda

Leiaren for tv-aksjonen i Ørsta, varaordførar Karen Høydal, er sværet takksam for gjevargleda,

Ørsta legesenter skårar lågt

Ørsta Legesenter skårar lågt på Forbrukarrådet si rangering av informasjonsflyten og sørvisen hos landets fastlegekontor.

Skaut over 10.000 hjortar i Møre og Romsdal

Det er mange som likar hjortejakt i fylket vårt.