I dei to siste seriekampane før møtet med Melhus/Gimse hadde det blitt 26-24-siger mot Molde og 26-22-siger mot Langevåg for Ørsta. Vertane hadde von om å avslutte årets sesong med siger mot tabellnabo Melhus/Gimse, og sikre seg 7.-plassen i 3. divisjon. I dei ti første minutta følgde laga kvarandre, før Ørsta festa eit grep om kampen. Bendik Bjerke gav heimelaget leiinga 6-3, og Jonas Sira auka til 7–3 då det var spelt 15 minutt. Frode Brandal Moe skåra Ørsta sitt tiande mål i kampen etter 22 minutt og auka leiinga til 10–4. Fleire bytter, tekniske feil og ei utvising i dei neste minutta gjorde at gjestene knappa innpå Ørsta, og heimelaget gjekk til pause med 11-10-leiing.

Dei første fem minutta av 2. omgang spelte Ørsta med ein spelar mindre enn gjestene grunna fleire utvisingar. Melhus/Gimse klarte ikkje å utnytte overtalet i særleg grad sjølv om dei tok føringa i kampen i eitt kort minutt. Midtvegs i omgangen byrja spelet til Ørsta å fungere skikkeleg, og heimelaget var i føringa 21–17. Ei skade for Simen Sjøholt gjorde at det vart eit lengre stopp i spelet. Då kampen kom i gang att hadde Ørsta kontroll. Sira skåra med eitt minutt att av kampen, og fastsette sluttresultatet til 27-21-siger for Ørsta.

– Det var veldig godt å avslutte med siger. Vi var eit betre lag, og det handla berre om å få det ut. Kim Børre Berg stod kjempegodt i ein periode i 1. omgang, og Håvard Skaar stod kanonbra mot slutten av kampen. Det er ofte eit resultat av vi jobbar betre i forsvar. Dei vart litt slitne, og vi tok dei på at vi har ei breidde i stallen som gjer at vi kan bytte mykje på alle posisjonar, sa trenar Lars Øie etter kampen.

Jonas Sira og Bendik Bjerke vart toppskårar med seks mål kvar. Elling Dimmen fekk sin debut i seniorhandballen.